nyhende

Kjøper areal til akvakultur på Tjernagel

Forretningsmannen Sigurd Aase har gjort avtale om å kjøpa 115 dekar at det området som Sveio kommune i si tid kjøpte frå Telenor Eiendom Holding AS på Tjernagel. Kjøpesummen er 12,3 millionar. Aase har planar om å etablera eit akvakulturanlegg på eigedommen.

Publisert Sist oppdatert

– Meir kan eg ikkje seia no. Og det vil gå ei tid før eg kan fortelja meir. Det første som skal skje er å koma i gang med detaljregulering, seier Sigurd Aase til Vestavind.

Haugesundaren med røter i Sveio opnar likevel litt opp om kva som skal skje på Tjernagel.

Vil rehabilitera gammal røys

Ein del av avtalen med Sveio kommune er at Tjernagelrøysa skal rehabiliterast på området.

– Eg er over gjennomsnittet interessert i arkeologi og har fått med meg Frans-Arne Stylegard til rehabilitering av røysa, fortel Aase.

Stylegard er arkeolog og har vore fylkeskonservator i Vest-Agder. Han har også vore involvert i utgravingane på Avaldsnes, der han mellom anna var med på å datera Storhaugskipet og Grønhaugskipet. Han har også skrive boka «Herre og drott – konge og sjøkonge – Karmøyseminaret 2022.

Røysa på Tjernagel blei gravd ut i samband med at kort- og mellombølgesendarane blei bygde der tidleg på 1980-talet. Etter at sendarane blei lagde ned og demonterte, kjøpte Sveio kommune 200 dekar av området. Dei kommunale eigedommane er ein del av heile 700 mål som i kommuneplanen er sett av til næring og hamn.

Må godkjennast

Salet av arealet til Sigurd Aase må godkjennast av kommunestyret. Formannskapet tilrådde dette samrøystes måndag. Det er også tatt atterhald om at Aase får tinglyst vegrett.

– Det er utruleg kjekt at nokon vil satsa på Tjernagel, eit område med stort potensiale som har vore til sals lenge. Me veit også at fleire er interesserte i dette området som ligg så sentralt til ved skipsleia, seier ordførar André Mundal Haukås (H).

Han synest også Aase sine planar om å gjenreisa røysa er eit spennande element i dei planane som er presenterte så langt.

Powered by Labrador CMS