nyhende
Køyrde 32 km/t for fort
Ein sjåfør mista lappen under kontroll på E39.
Tysdag hadde Utrykkingspolitiet (UP) kontroll i 60-sona i Førde.
Resultatet blei heile 19 forenkla forelegg. Høgaste fart blei målt til 92 km/t. Då ryk førarkortet med god margin. I 60-sone mister du førarkortet om du køyrer 26 km/t eller meir over fartsgrensa.
– Kontrollen pågjekk mellom klokka 10.00-12.00. Då var det også snø på vegen, og med denne fangsten blir det nok ikkje lenge til UP har ny kontroll, seier vaktsjef Dan Magne Gaard ved Haugesund politistasjon.
Nye bøtesatser blei innført 1. februar i år. Slik ser dei ut for fartsoverskridingar i 60 km/t eller lågare:
Annonse
- Til og med 5 km/t: kr. 1.150
- Til og med 10 km/t: kr. 3.150
- Til og med 15 km/t: kr. 5.650 (+ 2 prikkar)
- Til og med 20 km/t: kr. 8.200 (+ 3 prikkar)
- Til og med 25 km/t: kr. 12.700 (+ 3 prikkar)
Over 25 km/t: inndraging av førarkort