nyhende

Dei nye passa er ganske forskjellige frå førre passmodell. Det gamle passet er ein av tinga du må ha med deg til time på passkontoret.
Dei nye passa er ganske forskjellige frå førre passmodell. Det gamle passet er ein av tinga du må ha med deg til time på passkontoret.

Treng du nytt pass til ferien er det lurt å bestilla time no

Det er for tida stor pågang til passkontora i Sør-Vest politidistrikt, og du kan måtta venta lenge på å få time.

Publisert Sist oppdatert

For Sveio er dei næraste passkontora i Haugesund og på Stord. Skulle det knipa med tida før ein utanlandstur, kan det også vera lurt å sjekka Etne og Vindafjord politistasjon i Ølen. Du må nemleg ikkje bestilla pass nærast der du bur.

Det er stor pågang til passkontora no, noko som resulterer i lange ventetider, skriv Sør-Vest politidistrikt i ei pressemelding.

Legg ut timar kvar måndag

– Dette har mest sannsynleg si forklaring i at folk har erfart at det kan vera vanskeleg å få time i høgsesongen, og er påpasselege med å vera tidleg ute. I tillegg sender politiet SMS til dei som har pass som er i ferd med å gå ut, slik at dei får ordna seg nytt pass, sier Kjetil Optun, leiar for forvaltningsseksjonen i Sør-Vest politidistrikt.

Det blir lagt ut passtimar 180 dagar fram i tid, samtidig som passkontora legg ut ledige timar for dei næraste dagane og vekene kvar måndag. Måndag er altså ein god dag å jakta på næraste ledige time ved næraste passkontor.

– Dersom du ikkje finn noko ledig, kan det vera lurt å prøva igjen om nokre dagar, for det hender at me får avbestillingar, og det kan leggast ut timar andre dagar enn måndag når det er anledning til det. Det som er av ledige timar ligg altså ute på politiet.no, presiserer Optun.

Lurt å vera tidleg ute

Sjølv om det er stor pågang til passkontora, skal det ikkje vera nokon risiko med å bestilla sommarferie no. Politiet jobbar med å bemanna opp på kort og lang sikt.

– Alt tyder på at me skal kunna dekka etterspurnaden fram mot sommaren. Det er uansett lurt å vera tidleg ute, og me vil anbefale alle å lesa det som står om pass på politiet.no. Då veit du kva du skal ha med deg, kor raskt du kan forventa å få passet og andre ting som det kan være nyttig å veta om. For tida går det 1-2 veker frå passet blir bestilt til det kjem i posten, seier Optun.

Men du må altså få time på eit av passkontora først, og passet blir sett i bestilling etter at du har vore der.

Dette må du ha med til pass- og ID-kontoret

Prisar for pass

  • Frå 16 år: 750 kroner
  • Under 16 år: 450 kroner
  • Nødpass: 1.200 kroner (lik pris uansett alder)

Du kan betala med bankkort, kredittkort (Visa eller MasterCard), kontantar og
mobil- og smartklokkeløysingar med GooglePay eller ApplePay aktivert.

Powered by Labrador CMS