nyhende

– Med det nye rutetilbodet håper me at enno fleire private ser at dette er ein enkel og rimeleg måte å koma seg til og frå Oslo på, seier Jan Morten Myklebust, daglege leiar og flyplassjef på Stord lufthamn.
– Med det nye rutetilbodet håper me at enno fleire private ser at dette er ein enkel og rimeleg måte å koma seg til og frå Oslo på, seier Jan Morten Myklebust, daglege leiar og flyplassjef på Stord lufthamn.

Håper fleire sveibuar vil bruka flyplassen på Stord

Stord lufthamn er som første lufthamn utanfor Avinor inkludert i FOT-rutene. Det betyr både fleire avgangar i veka og rimelegare billettar for dei reisande.

Publisert Sist oppdatert

Stord lufthamn

  • Lufthamna ligg på Sørstokken i Sagvåg. Den vart opna i 1985 og har 40-årsjubileum i 2025.
  • Stord kommune eig arealet som lufthavna ligg på.
  • Sunnhordland Lufthavn AS står for drifta av lufthamna. Stord kommune (79 prosent) og Vestland fylkeskommune (21 prosent) er eigarar.
  • Selskapet har i dag 16 tilsette. Desse utfører alle tenestene på lufthamna frå security til lufttrafikkteneste.
  • Lufthamna har lang rullebane (1.460 meter), og fungerer også som avlastingsflyplass for Bergen lufthavn, Flesland.

Frå 1. april blir det 15 tur/retur-flygingar mellom flyplassen på Sørstokken og Oslo. Stord lufthamn var i ein kort periode på seks månader under pandemien inkludert i statens kjøp av flyruter på kortbanettet (FOT-ruter), men blei tatt ut igjen.

Dei siste åra har flyplasselskapet kjempa for å sikra vidare drift.

Godt rutetilbod og arbeidsplassar sikra

– Det har vore nokre turbulente år, men no er me berre glade. Og stolte, sidan me er den første lufthamna utanfor Avinor som er inkludert i FOT-rutene. Gjeldande anbod går frå 1. april i år til 2027, og det sikrar både stabilitet, fleire avgangar, konkurransedyktige prisar, og at arbeidsplassane er trygga, seier lufthamnsjef Jan Morten Myklebust.

På strekninga Stord-Oslo sto det mellom to tilbydarar: DAT (Danish Air Transport) og Widerøe. Kravet var 12 tur/retur-flygingar i veka. DAT vann anbodet og auka til 15 flygingar. For tida er det berre fem rotasjonar i veka.

Ein time til Oslo og gratis parkering

DAT brukar flytypen ATR-42 med 46 passasjersete, og flytida Stord-Oslo er på om lag ein time.

– DAT har vore flyoperatør på Stord i ein heil del år, og Oslo-ruta er mykje brukt av næringslivet i Sunnhordland. Med det nye rutetilbodet håper me også at enno fleire private ser at dette er ein enkel og rimeleg måte å koma seg til og frå Oslo på, også for sveibuane. Me har dessutan gratis parkering, seier Myklebust.

Sju prisgrupper

Prisane blir sett godt ned frå 1. april, og det er sju forskjellige prisgrupper, inkludert student og honnør. Billigaste pris ein veg er Fyrst til mølla-billettane til 499 kroner. Full pris er 1.189 kroner.

Ein kjapp sjekk på nettet, viser at det frå Sveio sentrum er 44 kilometer og 45 minuttar å køyra til flyplassen på Stord. Frå Valevåg tar turen 28 minuttar.

Frå Sveiogata 72 til Haugesund lufthavn på Karmøy er det 30 kilometer og 37 minuttar å køyra. Då er det ikkje rekna med trafikklys og eventuelle køar på visse tider gjennom Haugesund.

Powered by Labrador CMS