nyhende
Kjøper garden med Gjenbruksløa
Eit samla formannskap tilrår at Sveio kommune kjøper gardsbruket gnr. 121, bnr. 5 i Førde, det vil seia eigedommen der driftsbygningen blir brukt av Gjenbruksløa. Føremålet er i første omgang å sikra tomt til ny brannstasjon.
Det er inngått kjøpekontrakt med Marit Serine Robbestad Skeie, som eig bruket, om kjøp av eigedommen for sju millionar kroner. Med omkostningar kjem summen opp i 7,6 millionar.
Dersom kommunestyret 19. februar følgjer tilrådinga frå formannskapet og godkjenner kjøpet, må det i neste omgang søkjast om konsesjon. Dette er nødvendig sidan det er snakk om ein landbrukseigedom, forklarar rådmann Jostein Førre.
Overtar leigekontrakt
På eigedommen ser kommunen for seg to ulike alternativ til tomt for brannstasjon. Leigeavtalen med Gjenbruksløa blir overtatt av kommunen. Rådmannen vil til hausten leggja fram ei eiga sak om oppussing av bustadhuset på garden med tanke på utleige.
– Det ligg enno ikkje føre planar om kva resten av eigedommen skal brukast til, seier Førre.
Bandlagt av vegvesenet
Store delar av eigedommen ligg innanfor den sona som er bandlagt i samband med planlegging av ny firefelts E39 gjennom Sveio. Om nokon av alternativa til tomt for brannstasjon blir berørt av bandlegginga, må den vidare planlegginga skje i dialog med Statens vegvesen.
Det må utarbeidast reguleringsplan for brannstasjonen si tomt. Når trasévalet er klart, skal det også utarbeidast reguleringsplan for nye E39.