nyhende
8.000 flyktningar risikerer å ikkje bli busette:
Sveio har sagt ja til å ta imot alle dei er bedne om
Medan Sveio har sagt ja til å ta imot alle dei flyktningane Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI) har bede om for 2024. Mange andre kommunar har ikkje svart, eller sagt ja til eit langt lågare tal enn det IMDI har spurt om.
– Kommunestyret sa før jul ja til å ta imot dei 35 flyktningane IMDI ba om for 2024. Me arbeidar med å skaffa bustader til desse, seiar leiar av NAV Sveio, Sindre Vikanes.
Sidan dei enno ikkje veit kor mange einslege og kor mange familiar som kjem, veit ikkje dei NAV-tilsette kor mange bustader dei treng. Vikanes reknar med at dei i alle fall treng ti husvære.
På jakt etter bustader
Sidan krigen i Ukraina utvikla seg til fullskala invasjon i 2022, har Sveio tatt imot 35 flyktningar både i 2022 og 2023. Dei aller fleste har kome frå Ukraina.
– Det har gått greit å busetja dei så langt, delvis i kommunale og delvis i private utleigebustader, seier Vikanes.
Av praktiske grunnar ser NAV først og fremst etter bustader i sentrale strøk, det vil seia Sveio og Førde. Vikanes utelukkar likevel ikkje heilt at det også kan bli aktuelt å leiga bustader andre stader også.
137 kommunar har svart
Tal frå IMDI viser at kommunane elles ikkje klarar å busetje alle dei 37.000 flyktningane som direktoratet har bede dei om å ta imot.
– Tilbakemeldingane så langt tyder på det. Vi har fått svar frå 137 kommunar, og førebels ser det ut til at dei klarar å busetje 79 prosent av dei flyktningane vi har bede dei om å ta imot, seier direktør Libe Rieber-Mohn i Integrerings- og mangfaldsdirektoratet til NRK.
Kommunane har frist til 25. februar med å melde inn kor mange flyktningar dei kan busetje i 2024.
Rieber Mohn fortel at det ser ut til å kommunane klarar å busetje rundt 29.000 totalt.
Mange kommunar skuldar på høgt press på dei kommunale tenestene. Det er press på legetenester, skular og barnehagar. I tillegg er det vanskeleg å finne eigna bustader til flyktningane mange stader.
Dei fleste flyktningane kjem frå Ukraina.