nyhende
Posten tar over distribusjonen av Vestavind
Frå mars er det slutt på utkøyring av aviser med bod. Dei fleste Vestavind-abonnentar vil frå då få levert avisa med Posten.
Årsaka til endringa er at Amedia Distribusjon legg ned nesten alle sine bodruter på Haugalandet. Berre Haugesund og delar av Karmøy held fram med bodlevering.
Abonnentane våre som bur i desse områda vil framleis få Vestavind i løpet av natta eller tidleg morgon.
Heile dagen-avis
For alle andre blir det endring i leveringstid. Avisene vil bli levert mellom klokka 08.00 og 17.00 som er Posten si leveringstid. For ein del av dykk kan det bety at de ikkje lenger får Vestavind til morgonkaffien.
Det positive er at det i avtalen ligg at alle skal få avisa i postkassen torsdagar. Uavhengig av om Posten har veke med postutlevering måndag, onsdag og fredag eller tirsdag og torsdag.
Får du ikkje avisa i postkassen torsdag frå veke 11, er det viktig å melda frå til oss på telefon 53 74 01 80 eller senda e-post til post@vestavind-sveio.no.
Høge kostnadar
Haugesunds Avis går ned til tre papiraviser i veka samstundes. Sunnhordland går ned frå tre til to papiraviser i veka. Grannar gjekk allereie i fjor ned frå to til ei papiravis i veka, og andre lokalaviser vurderer å gjera det same.
Det er fleire årsaker til dette. Stadig fleire lesar går over til digitalt abonnement. Og så har kostnadane med å laga papiravis auka veldig dei siste åra. Særleg i høve til kva papir og distribusjon kostar.
Ingen endringar for Vestavind
Vestavind har ingen planar om å endra på utgjeving av papiravis kvar torsdag, kombinert med nettavisa som leverer daglege nyheiter.
Samstundes må også me sjå til kostnadar og lesevanar for å sikra at me har nok ressursar til å gje lesarane våre god journalistikk. Endringar kan koma hos oss også, men ikkje på nokre år enno.