bygg og bu

– Det viktigaste for meg er snikkargleda

Heime hos snikkarmeister Vidar Fylkesnes (46) på Ekrene er det tett mellom dei handlaga treprodukta. Det bognar av artige figurar, lamper, bord, nattbord, hyller og bordskånarar.

Publisert Sist oppdatert

Rundt på tomta står fleire benkar inspirert av bruer i distriktet. Den første, Stordabrua, laga han i 2019. Det har blitt mange nye kreasjonar sidan den gong, store og små. Mange har fått bli med frå garasjen og inn i huset, men ikkje alle.

Vidar er oppvaksen på Stord. Frå sløydsalen i grunnskulen gjekk det vidare til trearbeidsfag på yrkesskule og sveinebrev i 1998.

Sveio midt i leio

Kiste, stol og eit vindauge frå den tida har fått plass i huset han og kona har bygd i Sveio. Kista og stolen står på utstilling ved ein gammal høvelbenk i gangen, mens vindauget han laga 1998 gir utsyn til gardsplassen. Fylkesnes er oppteken av at ting skal koma til nytte.

– Då me skulle bygga, stod det eitt lite tre på tomta, ei bjørk som måtte fellast. Den har eg litt av her.

Han viser fram fleire bordskånerar i bjørk kor barken framleis er intakt. Då kjøkkenet stod ferdig, var det nokre plater til overs. Paret trong ein TV-benk, og med nokre designønskjer frå kona gjekk det ikkje mange timane før TV-benken var klar.

Frå idé til produkt

– Eg likar å laga ting som er litt utanom det vanlege. Viktigast for meg er snikkargleda. Kan henda ser eg noko på nett som eg vil laga, så går eg og gjer det. Andre gonger kan eg få ein idé når eg ser materialet, eller om det er noko eg treng.

Han viser ei formskoren fjøl som passar perfekt på foten til ei bålpanne. Frå han fekk idéen til bordet var klar til bruk, tok det ikkje lange tida.

– Me stod og fyrte utanfor her, så trong eg eit lite bord. Då slo det meg korleis det kunne løysast, og etter nokre minutt i garasjen var produktet ferdig. Andre gonger kan eg starta på noko for så å la det ligga ei stund.

– Vidar, har du lyst på?

Kollegaene hos Førre Vindu i Tysvær veit at Vidar er god på å laga bruks- og pyntegjenstandar av kapp og restar mange andre ville ha kasta. Bitar av både eik, accoya og teak finn vegen til arbeidsbenken heime i Sveio.

– Eik har eg alltid likt, det er godt å arbeida med, hardt og fint. Det er nok favoritt-treslaget mitt no.

Han er oppteken av gjenbruk og har ikkje lett for å kasta materiale. Sjølv kapp som er kappa, kan få nytt liv hos den utflytta stordabuen. Kjekkast meiner han det er om det ein lagar kan brukast til noko, men ikkje alt han lagar får bli med frå verkstaden og inn i stova.

– Rubiks kube-kommoden med roterande skuffer er stilig, men han passar ikkje inn over alt.

Gjenbruk

I det eine hjørnet av garasjen står ei røys med plankar og små bitar av tre, klar til neste prosjekt.

– Dotter mi hadde ein sparkesykkel då ho var lita og ho sa: Denne hiv du ikkje pappa, den vil eg ha. Kan ikkje du laga noko kult av han?

Fylkesnes visar fram ein liten rosa sparkesykkel med ei hylleplate og spegelramme i eik. Øvst er namnet til dottera med bokstavar utskorne i eik.

Prøva seg fram

Når den kreative handverkaren blir spurd om han har nokre råd på vegen til dei som går med ein snikkar i magen, treng han ikkje tenka lenge.

– Dei må prøva seg fram. Blir det ikkje slik ein ville, så forsøk ein gong til. Har du enkle verktøy og nokre treplankar, kan du få til mykje. Ein treng ikkje ein komplett plan og ein må ikkje tenka seg i hel. Eg har ingen teikningar eller eksakte mål på dei tinga eg har laga, ikkje eitt produkt er på centimeteren likt.

Snikkarmeisteren har eigen instagramkonto, @vfylkes, kor han jamleg deler glimt frå kvardagen. Han håpar bilda kan vera til inspirasjon for andre.

– Eg har fått mange positive tilbakemeldingar. Det synest eg er stas.

Puslespelbrett

Snikkarprosjekta er framleis ein hobby for Vidar, og han trivst med det. Det er mest til eige bruk, men han er open for oppdrag. Han reiste til Skudeneshavn då han fekk ei bestilling på ein benk som skulle vera forma som brua til Korneliusholmen. Når våren kjem, ser han ikkje bort frå at det blir produsert fleire benkar.

– Det er mange bruer igjen å la seg inspirera av her i distriktet.

For tida er det andre prosjekt som får mest merksemd. På benken i verkstaden står mellom anna ei kontursag som han brukar mykje. Puslespelbrikka under kaffikoppen er sirleg utskoren, fresa, pussa og satt inn med olje.

– Desse har eg seld litt av, mest til venner og kjente. Men om nokon vil ha, eller har ting dei vil ha laga, er det berre å ta kontakt, så kan me avtala noko, seier snikkarmeister Fylkesnes.

Powered by Labrador CMS