bygg og bu

Ti av tolv bueiningar i første byggetrinn er selde:

Byggestart i mai på Steinhaugmarka

– Her går det strålande, seier salskonsulent Bjørn Storebø i Valvatne Bygg. Han kan fortelja at ti av tolv bueiningar på første byggetrinn av Steinhaugmarka i Sveio sentrum nå er selde.

Publisert Sist oppdatert

Storebø håpar på byggestart tidleg i mai.

– Arbeidet er litt forseinka på grunn av snøen, men det skal ikkje gå ut over kundane, seier han vidare.

Lanserer også einebustader

Det er lagt opp til innflytting i andre kvartal 2025. Både første og andre byggetrinn, 18 bueiningar i alt, skal etter planen vera ferdig utbygt i fjerde kvartal 2025.

Samstundes med at det går mot byggestart på første byggetrinn på Steinhaugmarka, førebur også Storebø sal av tre einebustader på eit område kalla Steinhaugen vest. Han håpar desse vil bli godkjende for husbankfinansiering og reknar med at dei bllir lagde ut for sal rundt påsketider.

Dei tre einebustadene blir lanserte som sjølveigarbustader, i motsetnad til Steinhaugmarka som blir eit burettslag under Vestbo (Haubo) sin administrasjon.

Interessa auka med burettslag

– Det var først då me la feltet ut for sal som burettslag at salet tok av, seier Storebø.

Det gjekk nemleg tregt i starten. Steinhaugmarka, eller Hansabakken 2, som feltet også blei kalla, blei lagt ut for sal i 2020, litt forseinka av koronapandemien. På grunn av manglande interesse blei det tatt av marknaden vinteren 2022, men relansert som burettslag på Sveiomarknaden i 2023.

– Same helga selde eg to bustadeiningar. I oktober hadde me selt åtte, og to til gjekk ut før årsskiftet. Til nå i år har me ikkje selt nokon, men no reknar eg med at folk er avventande og vil sjå korleis det blir.

To nivå

Svehaugmarka blir bygt ut på to nivå, der to firemannsbustader kjem fremst på det lågaste nivået og fem tomannsbustader på det øvste nivået.

Tomannsbustadene blir fordelte slik at tre av dei ligg lengst bak og to litt lenger framme. Av praktiske grunnar blir grunnmurane til begge firemannsbustadene støypte samstundes, sjølv om berre ein av dei høyrer med til første byggetrinn.

Natursteinmurar

Det er gjort eit omfattande arbeid med natursteinmurar for å avgrensa dei to nivåa. Bak steinmuren på øvste nivå blir ei sjølveigartomt som Valvatne også har hand om, byggemodna i same omgang.

Frå begge nivåa av feltet blir det gangveg inn til parkeringsplasen ved Kiwi og resten av sentrum.

Powered by Labrador CMS