nyhende

– Oppgang kjem ikkje av seg sjølv, og me må heile tida ha i tankane utvikling av kommunen, seier ordførar André Mundal Haukås (H).
– Oppgang kjem ikkje av seg sjølv, og me må heile tida ha i tankane utvikling av kommunen, seier ordførar André Mundal Haukås (H).

Folketalet veks igjen, men det må lagast fleire barn meiner ordføraren

Sjølv om det blei sju færre sveibuar i 4. kvartal, enda heile 2023 med folkevekst på 10 personar i Sveio. Ordførar André Mundal Haukås (H) er glad for det. – 10 høyres ikkje så mykje ut, men det går rette vegen.

Publisert Sist oppdatert

Folketalet i utvalde kommunar 2023

Folketalet per 31. desember 2023, samt folkevekst eller nedgang.

  • Sveio: 5. 742, +10
  • Stord: 19.287, +189
  • Etne: 4.072, -1
  • Bømlo: 12.268, +122
  • Fitjar: 3.203, +22
  • Haugesund: 38.292, +437
  • Tysvær: 11.570, +165
  • Vindafjord: 8.938, +94

31. desember 2022 var det 5.732 innbyggjarar i Sveio. Folketalet fall med 43 personar frå 2021, som også hadde nedgang. I 2022 var Sveio einaste kommune i Sunnhordland med nedgang.

10 kommunar i Vestland hadde fall i folketalet i 2022, og Sveio var den kommunen som hadde størst nedgang av desse.

Veldig glad for vekst igjen

Sjølv om det blei sju færre sveibuar i 4. kvartal 2023, enda kommunen på 5. 742 og 10 i pluss heile året sett under eitt. Vekst i folketalet gler ordførararen.

– Me er veldig glade for vekst igjen etter to år med nedgang. 10 høyres ikkje så mykje ut, men det går rette vegen. Oppgang kjem ikkje av seg sjølv, og me må heile tida ha i tankane utvikling av kommunen og legga til rette for infrastuktur, næringsliv og gjera det attraktivt å bygga og bu i Sveio. Samfunnet er i stadig endring, og endringar kjem mykje raskare enn regulering av kommuneplanen. Me må difor rigga oss no for det som kjem, seier Haukås.

Ukrainarane bidreg mest

– Sveio busette 35 ukrainske flyktningar i fjor. Talet ville vore annleis utan dei. Kva tenker du om det?

– Det er dei som bidrar mest til overskotet. Dei er her i utgangspunktet midlertidig, og ein heil del av dei vil tilbake til Ukraina etter kvart. No må me ta godt vare på dei som ønsker å bli verande i kommunen, seier Haukås.

Han peikar mellom anna på at både naboar og næringsliv kan bidra. Naboane med å få dei til å kjenna seg velkomne i nabolaget, og næringslivet med å gje dei ein sjanse til å visa kva dei kan, både gjennom arbeidstrening og tilsettingar.

– Språk er utruleg viktig for å finna seg til rette og få seg jobb, og her kan me alle hjelpa til med at dei får praktisert norsk, seier Haukås.

Treng fleire barn

I løpet av 2023 kom det 48 nye sveibuar til verda og 36 gjekk ut av tida. Det gir eit fødselsoverskot på 12. Det er høgare enn i 2022, sjølv om det blei fødd ni fleire dette året. Det heng saman med at det døydde 49 sveibuar i 2022, og fødselsoverskotet blei dermed åtte.

– Eg har gått tilbake til 1993 og sett på fødselsoverskotet i Sveio. Dei siste 30 åra ligg snittet på 22. Dei seinaste åra har dette talet falle, så her er det forbetringspotensial. Me treng fleire barn, og eg trur dei fleste veit korleis dei skal få det til, smiler ordføraren.

26 per kvadratkilometer

44 personar vandra inn til Sveio, og 32 personar vandra ut i 2023.

5.732 sveibuar gir 26 innbyggarar per kvadratkilometer i kommunen. 1.316 hytter og fritidsbustadar gjer også at folketalet aukar i helger, helligdagar og feriar.

Powered by Labrador CMS