nyhende
Blei kvitt nokre millionar med flått
Laurdag var det ny runde med lyngbrenning ut mot Ryvarden. Perfekte vêr- og vindforhold gjorde at dei fekk brent 900-1.000 mål.
Stien ut til Ryvarden var stengt medan brenninga pågjekk. Dette var varsla, men det kom likevel litt folk.
– Dei fleste for å sjå på lyngbrenninga, men dei vart stoppa av ein mann på post sør på stien som sørga for at ingen gjekk inn i området medan me heldt på, fortel Torbjørn Larsen i Haugaland lyngbrannreserve.
Perfekte forhold
12 personar var i sving under lyngbrenninga, og tre sørga for at dei som jobba med brenninga fekk mat og drikke gjennom dagen.
– Det var perfekte forhold for å brenna, og me var effektive og fekk tatt unna mellom 900 og 1.000 mål. No begynner det å nærma seg det arealet me har planlagt å brenna så langt i år. Det gjenstår mellom anna nokre viker, seier Larsen.
Mindre flått
Lyngskjøtsel og betring av beiteområda er hovudmålet, men lyngbrenninga gjer også områda sikrare mot brann. Og flått.
– Me får tilbakemeldingar på at det er blitt ein god del mindre flått i områda som er brent tidlegare, og laurdag brann me nok nokre millionar flått. Det er bra for både folk og dyr med tanke på kva flåttbitt kan føra med seg, seier Larsen.