nyhende

Rådmannen vil bevara og oppgradera den eldste delen av kommunehuset:

Treng meir plass og betre arbeidsmiljø

Kommuneadministrasjonen i Sveio treng meir plass. Samstundes har den gamle delen av kommunehuset stort behov for oppgradering.

Publisert Sist oppdatert

Dette er bakgrunnen for ei sak som er lagt fram for kommunestyret, og som politikarane så langt har tatt til orientering. Administrasjonen skal no arbeida vidare med å foreslå løysingar og estimera kostnader.

Treng meir plass

Ifølge saksutgreiinga arbeidar 68 personar på kommunehuset i dag, om ein ser bort frå dei tilsette ved legekontor, helsestasjon og tannhelseklinikk. Kommuneadministrasjonen har 71 kontorplassar til disposisjon, men vil ha bruk for 74 plassar om kort tid. Dette talet vil stiga til 81 i 2050, om ein legg forventa befolkningsvekst til grunn.

– I tillegg til eigne tilsette kan det vera i kommunen si interesse å tilby kontorplass til ulike tenester som er felles for fleire kommunar. Det vil vera til nytte for den kommunale verksemda og dessutan gi oss leigeinntekter. Men slike lokale til utleige har me ikkje i dag. Me har heller ikkje plass til lærlingar, studentar eller eksterne konsulentar, seier kommunalsjef Ingunn Toft.

I vinterferieveka, då Vestavind ba om ei omvising på kommunehuset, var ho også fungerande rådmann.

Omorganisering av legetenesta?

Plassmangelen blir forsterka av at også helsestasjonen og legetenesta treng meir plass, får me vita.

– Det er bestilt ei politisk sak om organisering av legetenesta. Den kjem opp til behandling i løpet av året, fortel Toft, som er kommunalsjef for helse og omsorg.

Skulle behandlinga av denne saka føra til at legane og eventuelt også helsestsjonen og tannklinikken blir flytta til anna bygg, vil det vera mogleg å leggja til rette for 110 kontorarbeidsplassar i dagens kommunehus. Ved å behalda både legekontor, helsestasjon og tannklinikk i kommunehuset, kan ombygging  gi plass til 88 kontorarbeidsplassar. Tannklinikken er fylkeskommunal og leiger lokale i kommunehuset. Kommunen vil helst ikkje endra på deira lokale av frykt for at klinikken då kan bli nedlagt.

Brukar ueigna lokale

For å få plass til dei tilsette som allereie arbeidar på kommunehuset i dag, er både den gamle kommunestyresalen den gamle formannskapssalen omgjorde til kontorlandskap. Eining for habilitering har sine kontor i første høgda i trebygningen mot vest. Eitt rom i andre høgda blir også nytta til einskilde oppgåver.

– Alle desse romma i den gamle delen av kommunehuset er lite eigna til arbeidsplassar. Dei tilfredstiller ikkje dagens krav til inneklima, fortel Toft under omvisinga, der også ordførar André Mundal Haukås er med.

Tre byggetrinn

Den gamle delen av kommunehuset omfattar tre byggetrinn. Den eldste delen, trehuset mot vest, sto ferdig i 1926 som gamle Sveio kommune sitt første heradshus. Etter kommunesamanslåinga i 1964 blei andre del oppført og tatt i bruk i 1965. Tredje byggetrinn blei fullført i 1970.

– Heile denne delen av kommunehuset er dårleg isolert og krev store kostnader til oppvarming. Korkje sanitæranlegg eller teknisk infrastruktur tilfredsstiller dagens krav. Bygget har ikkje universell utforming og er utilgjengeleg for personar med rørslehemming, fortel Toft.

Bygget har heller ikkje tilfredsstillande lydisolering. Det er målt høge verdiar av radon i den delen av bygget som er frå 1970.

Vil ikkje riva

Plassproblema og tilstanden på kommunehuset blei også tatt opp i ei kommunestyresak i 2020. Den gongen ba kommunestyret mellom anna rådmannen om å framskaffa budsjettpris på riving av den eldste delen av kommunehuset og oppgradering av byggetrinnet frå 1965.

– Grunna vurdering om at tilstanden til den eldste delen av kommunehuset – frå 1926 – er god og at bygget er ein ein viktig del av Sveio si historie, meiner rådmannen at denne delen heller bør nyttast enn rivast, heiter det i saksutgreiinga som blei lagt fram for kommunestyret 19. februar.

Mange som ser den eldste delen av kommunehuset utanfrå, vil truleg undra seg over at bygget sin tilstand blir omtalt som god. Bordkledninga viser tydelege teikn på råteskader. Malinga flassar av. Fleire vindauge er punkterte. Taket viser tydelege teikn på siging. Over taket er det trekt eit blått plastnett for å hindra at skiferheller fell ned. Det har alt skjedd fleire gonger og ført til skader på parkerte bilar nedanfor. At taksteinane losnar, tyder igjen på at sutaket er dårleg. Inne er det tekniske anlegget i dårleg stand.

Prisen avgjerande

– Ein ser likevel, etter grundig synfaring, at konstruksjonen er i god stand og ikkje ber preg av verken skade eller råte, skriv rådmannen i saksutgreiinga.

Han har også ei klar oppfatning av at det vil kosta mindre å oppgradera den eldste delen enn å byggja nytt. Ordføraren meiner det kan vera bærekraftig med gjenbruk av det eldste bygget.

– Men me lyt sjølvsagt sjå på kva det kostar i forhold til kva løysing me får igjen, seier han.

Powered by Labrador CMS