nyhende

Endra satsar på solkraft frå Tjernagel

Solkraftselskapet Endra, som er ein del av Haugaland Kraft-konsernet, har inngått avtale med Sveio kommune om leige av 32 dekar på Tjernagel. Målet er å etablera eit solkraftverk på 2,2 megawatt.

Publisert Sist oppdatert

Kraftproduksjonen frå dette anlegget vil, med andre ord, tilsvara årsforbruket til hundre bustader, opplyser direktør Kristian L. Gautesen og utbyggingsleiar Sveinung Eskeland i Endra.

Fredag var dei på befaring i området saman med ordførar André Mundal Haukås (H) og kommunalsjef utvikling Kenneth Tollefsen.

Konsesjonssøknad i vår

– Me kjem til å søkja NVE om konsesjon i løpet av våren, og kan jo håpa at denne søknaden blir behandla løpet av eit halvt års tid. Erfaringa vår er likevel at det går lenger tid. Av ukjende årsaker, seier Gautesen.

Leigekontrakten er på 30 år, med opsjon på forlenging opp til 40 år. Tomta ligg i nordre enden av det området Sveio kommune i si tid kjøpte av Telenor etter at kort- og mellombølgesendarane på Tjernagel blei avvikla.

Arealet ligg på toppen av eit høgdedrag og blei sprengt ut og planert under etableringa av sendarane. Det er heilt flatt, men tilvakse av 40 år gammal bar- og lauvskog som må ryddast. Denne ryddejobben blir ikkje gjort før selskapet har fått konsesjon, seier Gautesen.

Ikkje redd for vind

Eskeland, som mellom anna har erfaring frå bygging av solkraftverk i Sør-Amerika, seier at Tjernagel ligg ideelt til på mange måtar. Selskapet har enno ikkje bestemt seg for om dei vil satsa på sør-vendte solcellepanelar eller om dei skal plassera panelane aust-vest

– Plassering aust-vest vil gi plass til nokre fleire panelar, men det vil knapt gi større produksjon. Derimot kan det gi litt høgare produksjon morgon og kveld når prisane er på det beste, seier han.

Både Eskeland og Gautesen ser det som ein fordel at området allereie er opparbeidd, slik at dei slepp å ta i bruk urørt natur. Steinfyllinga på toppen gir ei utfordring når det gjeld feste av panelane, men her vil ein gå for ei ballastløysing.

Solkraftverket kan koplast til ein nettstasjon som alt finst på industriområdet. Det vil såleis ikkje bli behov utbygging for å få krafta ut til forbrukarane.

Ringverkandar

Mundal Haukås og Tollefsen er svært nøgde med leigeavtalen, som alt er godkjent av kommunestyret. Dei vil ikkje ut med kva kommunen tener på avtalen, men legg vekt på at etablering av verksemder gjerne trekkjer andre verksemder til seg.

I tillegg til det arealet som alt er selt til Sigurd Aase, har kommunen framleis 70 dekar at sals på industriområdet. Området er med i kommuneplanen, men ikkje detaljregulert.

– Og så er det jo stas at Sveio er blitt ein kraft-kommune. Med solkraft til og med, seier ordføraren.

Endra har tidlegare søkt om etablering av eit solkraftverk på Nese. Denne søknaden er til behandling hjå NVE.

– Endra er eitt av dei fem fremste solkraftselskapa i landet, med ei rekke prosjekt både på Hauglandet og elles i Norge og Norden, seier Gautesen.

Powered by Labrador CMS