nyhende
Tre dyr påkøyrde denne veka
Natt til torsdag eller tidleg torsdag morgon blei dette rådyret påkøyrd på Fv. 47. Tidlegare i veka måtte to hjortar bøta med livet på E39.
Frå 8. mars til og med 11. april, er det registrert seks viltpåkøyrslar i Sveio. Ein av dei ein oter på Søre Mølstre.
Tre av påkøyrslane har skjedd berre den siste veka. Eit rådyr blei påkøyrd på Fv. 47 like aust for avkøyringa til Bjelland. På det utbetra vegstrekket på E39 i nærleiken av Austvik, måtte to hjortar bøta med livet.
– Ver ekstra merksame!
– Det er meir aktivitet blant hjortedyra no, og dei blir også lokka til vegkanter og bøar der det begynnar å koma grønt gras. Tre påkøyrslar på ei veke er mykje, og eg oppmodar folk til å vera ekstra merksame, både bilistar og motorsyklistar, når dei er ute og køyrer, seier Dagfinn Bjørge, viltansvarleg i Sveio kommune.
Det er særleg i skumring på kveld, nattestid og i skumringa om morgonen dyra kjem. Bjørge observerer sjølv ein god del dyr, og får meldingar frå andre.
Kosta 200.000
– Ein bussjåfør fortalde nettopp at han ser dyr kvar einaste morgon på ruta si. Heldigvis har me ikkje fått meldingar om personskadar som følge av viltpåkøyrslar, men det kan bli store skadar på bilane. Ein kar som køyrde på ein hjort fekk nesten den store SUV-en sin kondemnert. Verkstadrekninga kom på over 200.000 kroner, fortel Bjørge.
Han minnar samstundes om kva du skal gjera når du har køyrt på eit dyr: Ring politiet på 02800. Dei varslar vidare om det er trong for ettersøk, eller varslar Vegvesenet om dyret er dødt og må fjernast. Det er ikkje straffbart å køyra på dyr, men du har plikt til å melda frå.
Blir ikkje varsling med lys
– Korleis ligg det an med varsling i område med mange dyr?
– Eg var i kontakt med Vegvesenet onsdag denne veka for å høyra om moglegheit for skilting med lys. Det viser seg at dette har vore eit prøveprosjekt som no blir avslutta. Slik eg forsto det går dei vekk frå lysskilt fordi folk blei mindre merksame utanfor område som er merka med desse skilta. Det me no vurderer å få gjort, er å setta opp vanlege varselskilt med ekstraskilt under der ein varslar om at dette er eit ekstra utsett område. Men det må altså avklarast med Vegvesenet først, seier Børge.