nyhende

Nøgde med beltebruken i Sveio

Statens vegvesen gjennomførte torsdag føremiddag trafikkontroll i busslomma ved gravplassen nedanfor Fjellstad.

Publisert Sist oppdatert

– Me kontrollerer  bruk av bilbelte, lys, dekk og forhold til EU-kontroll. Når det gjeld varebilar ser me også på sikring av last, fortel kontrolleiar Sigbjørn Eltervåg og inspektør Daniel Frøyland.

Alle brukte bilbelte

28 køyretøy blei kontrollerte. Kontrollørane er godt nøgde med at alle førarane brukte bilbelte og at barn var forsvarleg sikra. Det blei skrive ut fire mangellappar for feil med lys. Elles blir også den tekniske tilstanden på dei kontrollerte køyretøya krakterisert som god.

– Skift til sommardekk!

Kontrollen avdekka at ein del bilistar framleis køyrer med piggdekk. Desse blei oppmoda om å skifta til sommardekk snarast, både fordi sommardekk gir betre bremseeigenskapar på bar veg og fordi det gir mindre asfaltslitasje og dermed også mindre svevestøv.

Powered by Labrador CMS