nyhende
Frå konditorfag til kommandobru
Maria Helene Hovda Bjerche (32) frå Tjernagel har svennebrev i konditorfaget, men fann ut at ho ville ha ei alternativ utdanning også. Helst ei som kunne sikra henne høgare inntekt. Til sommaren er ho ferdig utdanna styrmann.
– Eg likte meg svært godt som konditor, men det er mykje arbeids for lite, slik det ofte er med typiske kvinneyrke. Då svigerfaren min døydde av kreft fekk eg ein augneopnar. Eg innsåg at eg også kunne bli åleine. Då ville eg ha behov for ein jobb som gav økonomisk tryggleik, seier Maria.
Ferdig til sommaren
Vestavind møter henne om bord i M/F «Bømlafjord» i rute mellom Buavåg og Langevåg, der ho har hatt delar av kadettida si. Maria bur no med mann og to barn på Hiskjo i Bømlo, og stortrivst i det vesle lokalsamfunnet med berre 60 fastbuande.
Alt då ho var heime i fødselspermisjon med dottera i 2015, byrja ho å ta fag for å skaffa seg studiekompetanse.
– I tilfelle det skulle bli aktuelt å studera ein gong, som ho seier.
– Denne gongen valde du alt anna enn eit typisk kvinneyrke. Kvifor nautikk?
– Eg har alltid elska sjøen. Mamma og pappa tok oss tidleg med i båt, og bestefar har naust og båt i Buavåg og tok oss med på fisketur. Det var ein stor dag då eg som tolvåring fekk dra ut med båt åleine for første gong, og då eg var i 15-årsalderen byrja me å fiska leppefisk som me fekk levera til oppdrettsselskapa, fortel ho.
Mykje å velja mellom
Men kjærleiken til sjøen var ikkje einaste grunnen til at ho ville bli styrmann.
– Det er ei utdanning som gir svært mange moglegheiter. Eg vil gjerne gå alle gradene og bli kaptein, og kanskje los med tida. Samstundes ser eg at det er mange spennande jobbar på land også der nautikkutdanninga kan koma til nytte. Dette er eit felt i rivande utvikling, seier ho, og nemner i forbifarten at ho saman med to medstudentar skreiv bachelor-oppgåve om autonome skip.
– Det er jo litt rart også, å skriva om ei utvikling som vil fjerna jobbane til sjøs. Men eg trur no det vil ta lang tid før det skjer.
– Ser du for deg å halda fram på ferje når du får sertifikat og blir styrmann?
– Eg har hatt kadettida mi på ulike ferjer og likar meg svært godt her. Samstundes har eg litt lyst å prøva meg på andre typar skip også.
Vil vera på kysten
Ho nemner snøggbåtar og Hurtigruten som aktuelle eksempel. I alle fall vil ho halda seg på kysten.
– Eg tok kadett-farledsbevis som valfag på høgskulen, og opplevde at eg likte svært godt å navigera etter fyrlykter og sjømerke på kysten. Å følgja same kurs over store hav i døgn etter døgn hadde blitt altfor kjedeleg for meg.
Ho medgir at ho elskar utfordringar. På ferja har ho fått massevis av trening i køyra båt og navigera til og frå kai. Ikkje minst likar ho det trange innløpet til Buavåg, som kan vera krevjande i rusekever.
Av andre oppgåver i kadettida nemner ho planlegging og gjennomføring av ulike øvingar, som dei har kvar veke. Tryggleiken står i sentrum, og tryggleiksarbeidet er også eit felt ho synest er interessant og utfordrande. Då Vestavind møtte henne, hadde ho også oppgåvene til ein lettmatros og var med på dirigera bilar om bord og i land.
Godt motteken
– Korleis har du blitt møtt på ein mannsdominert arbeidsplass som dette?
– Overraskande bra, faktisk. Det har berre vore positivt for min del. Me var sju kvinner i klassen på høgskulen. Ikkje alle har hatt like positive erfaringar som eg.
Då Maria byrja på nautikkstudiet i Haugesund i 2020, var dottera fem år og sonen to.
– Eg hadde halvannan times kjøring kvar veg. Det var travelt der og då, men eg meiner det var verd det. Og så fekk eg jo litt hjelp av koronapandemien då, sidan det blei ein god del heimeskule.
Ho legg til at ho har fått mykje støtte og hjelp av mannen sin. Han er utdanna vernepleiar og hadde turnusarbeid. Då ho byrja som kadett, bytte mannen til jobb i skulen. No var det hennar tur til å gå i turnus. Familien elles har også hjelpt til med barnepass. Slik har dei fått familiekabalen til å gå opp.
Konditor på si
Men sjølv om Maria ser for seg ei lang og variert framtid på sjøen eller i maritimt tilknytte arbeidsplassar på land, har ho på ingen måte snudd ryggen til det gamle faget sitt.
– Me held på å restaurera eit gammalt småbruk på Hiskjo. Der drøymer eg om å få meg eit godkjent kjøkken for produksjon av kaker på bestilling, fortel ho.