kultur
Sveibuar i sentrale roller i samband med tusenårsjubileet for Kristenretten:
– Eg likar store utfordringar
Om ein snau månad startar feiringa av Kristenretten sitt tusenårsjubileum på Moster. To sveibuar har hatt svært sentrale roller i førebuinga av dette riksjubileet. Ein tredje sveibu – rett nok utflytta – vil setja sitt preg på opninga av jubileumsveka.
Sokneprest Arild Steinsland er styreleiar i Moster Amfi og Kyrkjehistoriske Senter, der det meste skal føregå i jubileumsveka 28. mai til 2. juni.
Næringslivsmannen og kulturaktøren Per Bjørn Habbestad er styreleiar i Moster 2024 AS, selskapet Bømlo kommune og Vestland fylkeskommune har oppretta med det eine føremålet å planleggja og gjennomføra tusenårsjubileet.
Og det aller første innslaget i den offisielle jubileumsveka blir opning av kunstnaren Karoline Emmerhoff si utstilling «Denne freden» i Tollhagen.
Songarar frå Sveio
Som om ikkje dette var nok, vil songarar frå Sveio medverka fleire gonger i løpet av jubileumsveka. Saman med MGPjr-vinnar William og Marcus og Martinius si veslesøster Emma skal Sveio barnekor, Stord SoulChildren og Bømlo SoulChildren vera med å framføra jubileumssongen «Fridom».
Blant tilhøyrarane under denne framføringa blir kronprins Haakon og kronprinsesse Mette Marit. Og på den store jubileumsfinalen «Himmelske tonar i 1.000 år» skal Ad Libitum medverka saman med Bremnes Kantori og songarar som Hanne Krogh, Inger Lise Rypdal, Arne Stav sitt jazzorkester, Arne Kvarven og Ingebjørg Andrea Ådnanes.
Fire års planlegging
– Det er ei relativt vaksen oppgåve eg har tatt på meg. Eg takka ja til vervet som styreleiar for fire år sidan fordi eg likar store utfordringar. At eg er fødd og oppvaksen på Bømlo og såleis har ein link til staden der feiringa skal føregå, har nok også spela inn. Dessutan har eg ein link til det jubileet handlar om og kan identifisera meg med fundamentet for dette, seier Per Bjørn Habbestad.
Etter kvart har oppgåva som styreleiar lagt beslag på om lag ein tredel av arbeidstida hans, no i innspurten endå meir. Oppgåvene hans har vore overordna leiing, økonomi og avtalar med leverandørar og aktørar på ulike plan.
Habbestad har også engasjert seg sterkt i programarbeidet. Jubileumsprogrammet omfattar ei rad konsertar, teaterframsyningar, utstillingar, verdisamtalar og økumenisk gudsteneste. Det er venta 190 offisielle gjester som styret har sikra hotellplass til. Mellom desse er kyrkjelege leiarar frå alle dei nordiske landa og Storbritannia, mellom desse erkebiskopen av York.
Kongelege gjester
Kronprinsparet kjem til Moster med kongeskipet «Norge» laurdag 1. juni. Kronprinsen skal mellom anna stå for opninga av det nye parkanlegget rundt Vetahaugen og krossen som oldefar hans, kong Haakon VII, avduka for hundre år sidan.
Moster 2024 AS har finansiert oppgraderinga av Vetahaugen med ny sti, lysløype og rekkverk. Krossen skal også lyssetjast og såleis bli synleg frå Bømlafjorden også på nattetid.
Anslagsvis er det venta 20.000-30.000 besøkande til Moster i løpet av jubileumsveka, og mest i helga. Styret har oppretta ei rekke komitear for å planleggja alle sider av gjennomføringa, mellom anna både ein logistikk- og ein hamnekomite for å handtera trafikkavviklinga både på sjø og land.
I tillegg til kongeskipet kjem «Christian Radich» seglande med gjester frå Oslo. Veteranskipet «Sunnhordland» skal fungera som hotellskip på hamna. Det kjem vikingskip og andre større og mindre fartøy. Det er også laga ein omfattande beredskapsplan som stadig er under revisjon.
– Først og fremst lovjubileum
– Dette er først og fremst eit lovjubileum, det ligg også i mandatet vårt. Men grunnlaget er innføringa av kristendommen i Norge som blei feira i 1995, seier Habbestad.
«Feira fortid, forma framtid» er visjonen for Moster 2024 AS.
– Me vil ikkje berre feira at kong Olav Haraldsson innførte kristenretten på Moster i 1024, men også den innverknaden denne lova har hatt på det norske samfunnet heilt fram til vår tid. Difor er det også naturleg for oss å samarbeida med Landslov-jubileet som i år feirar 750-årsjubileeet for Magnus Lagabøte si landslov. Landslova byggjer på Kristenretten. Vår daglege leiar Elsa Aanensen er med i styret for Landslov-jubileet, fortel Habbestad.
I tillegg til Moster 2024 AS er det også oppretta ein felleskristen komite i Bømlo med sitt eige jubileumsprogram.
– Dei legg størst vekt på den kyrkjelege sida av tusenårsjubileet. Me samarbeidar godt med dei og har inkludert fleire av deira arrangment i vårt program. Det gjeld blant anna avslutningskonserten «Himmelske tonar i 1.000 år» og konserten «På grensa til lovsong» på fredagskvelden.
Samla kunnskap
– Kva er det viktigaste for regionen som vil stå igjen etter tusenårsjubileet på Moster?
– Det er gjort eit stort arbeid for å få fram historisk kunnskap om Moster og regionen rundt, og verknaden av det som skjedde her på heile den norske samfunnsmodellen. Dette har blitt belyst gjennom årlege faglege seminar og på ein stor internasjonal forskarkonferanse i Bergen 17.-19. april der 17 faghistoriske artiklar blei lagde til grunn. Vidare er det laga ei digital tidsreise, barnebok av Bjørn Sortland og undervisningsmateriell for bruk i skulane som vil få betydning langt ut over jubileumsveka, seier Habbestad.
Budsjett på 30 millionar
Moster 2024 AS har hatt eit budsjett på 30 millionar kroner. Fem millionar frå kvar av eigarane, Bømlo kommune og Vestland fylkeskommue, ti millionar frå staten over fleire år og ti millionar frå ulike sponsorar.
– Enno trengst det litt meir pengar for å få rekneskapen til å gå i balanse, seier styreleiaren.
Heile programmet for jubileumsfeiringa er å finna på moster2024.no