nyhende

Jubilant med deltakarrekord

Vêrgudane smilte på arrangementet til Senior MC Haugaland onsdag 1. mai. Meir enn 600 motorsyklar deltok på den årlege vårmønstringa som startar i Valevåg og sluttar i Skudeneshavn.

Publisert Sist oppdatert

– Dette er det største arrangementet i distriktet og noko me ser fram til kvart år, seier leiar i Senior MC Haugaland Karin Hovland.

Sjå video lenger ned i saka!

I over 20 år har dei arrangert vårmønstring for motorsykkelentusiastar. Berre eitt år har dei måtta avlysa, då grunna pandemien.

– Me har ikkje alltid vore heldige med vêret, men humøret og samhaldet er det aldri noko å seia på, smiler Hovland.

30-årsjubileum

Klubben feirar 30-årsjubileum i år og har som vanleg eit rikhaldig aktivitetsprogram. Ein treng ikkje vera meir enn 24 år for å bli rekna som senior, med tanke på medlemskap og det er alltid rom for fleire.

– Snittalderen ligg nok på 40-talet ein stad, tippar nestleiar Nils Helge Tveisme.

I vinterhalvåret har klubben medlemsmøte og stellar i stand både førstehjelpskurs, filmkveld og bruktmarked.

– Då er det høg kaffi og vaffelfaktor, supplerer Tveisme.

Første gong vårmønstringa blei arrangert køyrde dei frå Haugesund og var færre enn 100 motorsyklistar. Sidan den gong har talet berre auka og startpunktet flytta til Valevåg. I fjor var dei omtrent 400 og i år blei det ny deltakarrekord.

Sosial samling

Heilt fram til avgang presis klokka 13.00 var det eit jamt tilsig av motorsyklar av ulike sortar og årsmodellar til ferjeplassen. Sven Olsen er med for tredje eller fjerde året og har ny sykkel i år, ein Royal Enfield Himalayan.

– Han er ny for meg i det minste, smilar Olsen og fortel vidare at det er ein indisk motorsykkel laga for grusvegar og meir krevjande terreng.

Olsen var varaordførar i Haugesund kommune frå 2007 til 2015 og elskar å køyra motorsykkel. Bak på sykkelen har han montert eit kamera som kan filma i 360 grader vinkel. Filmane legg han ut på sin eigen YouTube-kanal. Han har berre godt å seia om motorsykkelmiljøet og folka han møter der.

Ikkje langt frå Olsen sin Himalayan, står den knallgule Ducatien til Jarle Jacobsen. Jacobsen er tidlegare varaordførar i Sveio og han skryt óg av det sosiale og ikkje minst det å køyra motorsykkel. Når han blir spurd om kor mange år han har delteke, kan han stadfesta med å sjå på vippshistorikken at dette er tredje året.

Samarbeid med 4H

Sisu 4H stod tradisjonen tru for kafédrifta. Meir enn 20 medlemmer av klubben var i sving, og det blei tomt for både brus og lappar. Dei heimelaga kakene var det heller ikkje mykje igjen av.

Leiar i Sisu 4H, Olivia Valen, fortel at då dei blir kontakta av Senior MC Haugaland var det lett å seia ja. I dag går det meste på rutine, og inntektene er ei god støtte for klubben. No ser dei fram til distriktsleir og overnatting i hengekøye i Holsvika sør for Tittelsnes.

I strålande solskin satt praten laust på ferjeoppstillingsplassen før hjelmane kom på og motorane starta. Presis klokka 13.00 la motorsykkelkortesjen i veg frå ferjekaien med kurs for Aksdal og Skudeneshavn.

Det var ein mektig lyd og litt av eit syn for alle frammøtte då meir enn 600 motorsyklar la i veg:

Powered by Labrador CMS