Fjord Motorpark inviterte 14. mai bebuarane på Fjellstad til informasjonsmøte vedrørande deira ønskje om å få motorsportanlegg rett ved Fjellstad. Her blei det frå underteikna etterspurt kor saka no ligg hos politikarane i kommunen.
Politikarane har fått lagt fram ei konsekvensutgreiing om motorsportanlegget. Denne har ti punkt som har blitt vurdert og gitt positiv eller negativ vurdering. Her skal eg kort seia kva utgreiinga seier om kvart punkt, og korleis vurderinga er i form av positiv/negativ score.
- Naturmangfald: arealbeslag og nedbygging av det lokale naturmangfaldet (mellom anna kystlynghei). Dette blir vurdert til å vera ein vesentleg negativ konsekvens. Score: – 3
- Friluftsliv: negative verknader for friluftsliv innanfor og i nærleiken av motorparken, mellom anna på grunn av støy og arealbeslag. Score: -1
- Landskap: bygging av motorparken vil føra til at ein gjer inngrep i større områder med lynghei- og myrlandskap. Score: -1
- Kulturminne og kulturmiljø: her er ingen kjende konsekvensar. Score: 0
- Naturressursar: tap av relativt store skogsområder med middels og høg bonitet. Score: -1
- Teknisk infrastruktur: ikkje tilgang på god infrastruktur. Paddevegen (ein dårleg grusveg) går gjennom området. Score: -1
- Nærmiljø og stadutvikling: 500 meter til det næraste bustadfeltet (Fjellstad), og 300 meter til prosjektert bustadfelt. Dette vil truleg medføre støy til desse felta. Vidare er det 2 kilometer til sentrum. Score: -2
- Karbonrike areal: anlegget ligg i område som består av myrområde og skogsområde med dels høg bonitet. Score: -2
- Næringsliv og sysselsetting: positivt for sysselsetting og næringsliv i området. Score: 1
- Strandsone: ikkje aktuelt.
Når ein legg saman og trekkjer frå her, gir dette ein samla score på -10, altså ei klar negativ vurdering og tilråding.
Formannskapet hadde i møte 29. april saka «Kommuneplan for Sveio – Forslag til endringar i plankart» til handsaming. Her har formannskapet samrøsystes tatt motorsportanlegget inn i arealdelen. Her har formannskapet hoppa bukk over ei heilt klar negativ tilråding og vurdering i konsekvensutgreiinga, og kun vektlagt det eine positive: næringsliv og sysselsetting.
André Mundal Haukås, Ruth Grethe Østebøvik Eriksen, Linn Therese Erve, Jarle Jacobsen, Monica Vandaskog Valen, Asle Georg Halleraker og John Kristian Økland: med dette har de sett næringsliv og sysselsetting framføre folkehelse, mange folk sitt nærmiljø og bevaring av naturmangfald.
Til no har politikarane sete ganske så roleg i båten når det gjeld denne saka. No har ordførar Mundal tona flagg i saka, og det forventar eg også frå dei andre 24 som skal avgjera saka. Til no har det politiske miljø sete urovekkjande stille i båten når det gjeld denne saka.
Godtfolk: Fjord Motorpark vil ha denne parken og køyrer sjølvsagt fram si sak. Dei blir aldri motstandarane av anlegget einige med. Eventuell lokalisering av anlegget til andre plassar i kommunen er også ei avsporing som ein ikkje må bruka krefter på. Men det ein kan gjera er å følgja med på møteplanen til kommunen, og stilla opp på gruppemøta til partiet ditt. Det er her og i anna kontakt med dei folkevalde ein kan påverka.
Og hugs at det er inga skam å snu.
Arne Tveit Katla
Fjellstad