Det starta med registrering, utdeling av startpakke til alle og felles oppvarming med god musikk og danseglade, fargerike snupper. I år var vi også så heldige å få besøk av ordførar André Mundal Haukås som opna arrangementet og hadde snorklipping
Turen har ei løype på ca. 8 kilometer med faste stasjonar langs løypa der våre sporty ektemenn stiller på stand. Her fekk snuppene utdelt appelsiner av dei flotte legene våre, som dei tok med til en aldri så liten konsertoppleving på Nipaståvo. Det stilte The JonnyZ for 3. året, og er det store høgdepunktet på turen for mange av snuppene. Her blei det livlig med mye bra rockn’roll frå superbandet vårt og danseglade publikummarar. Vokalisten dansa skoå av seg bokstavlig tala (sjå sjå bilde).
Neste stopp var ein fargerik avslapningsstasjon med hengekøyer og paraplyar på utsiktspunktet Mjuko, før turen gjekk vidare ned i skogen (bak Eikeland kapell), der det var drikke- og fruktstasjon. Siste stasjonen var Mjånestjødno.
Her tok mange av snuppene seg ein velfortjent pause med inntak av både mat og drikke. Dei fleste nytta høvet til å sikre seg ein badebutton
Så var det det siste innspurt, og over målstreken til rungande musikk av Queen «We Are The Champions».
Røde Kors var i beredskap på badeplassen og klar til å koma rundt i løypa om nokon skulle trenga assistanse.
Vi vil takka alle dei fantastiske snuppene for deltaking, og ikkje minst ein stor takk til våre gode sponsorar som gjer dette mogeleg å få til: Argus Profil, Haukås Bilverksted, Kiwi Sveio, Coop Extra Sveio + dei som sponsa med premier: Vestavind, Millimeter, Sveio Blomster, Sunnhordland Planteskule, Eventyrlig, Egon, Edda kino, Apotek 1 Sveio, Gassco og Omega. Tusen takk til alle!
Tenk no er dette blitt ein tradisjon i denne vakre bygda vår, og det set Auklandshamn på kartet. Veldig kjekt at vi har hatt deltakarar frå både Bømlo, Stord, dei fleste kommunane på Haugalandet, Bryne, Sauda og Masfjorden i tillegg til Sveio. Det er ein stor fornøyelse å arrangera snuppeturen for så mange glade, takknemlege, livlege og flotte damer. Og det var veldig kjekt at ordføraren tok seg tid å koma til Auklandshamn.
Vi vil også retta ein stor takk til Auklandshamn bygdalag som nå for 2. året arrangerte bygdafest med stort telt og topp underhaldning i samband med arrangementet vårt. Dette er verkeleg prikken over i-en; Ope telt heile dagen med musikk og servering frå klokka 13 til 01, fantastisk kjekt med festivalstemning i Auklandshamn!
Med venleg helsing
Sjefssnuppene Torill, Solfrid, Elin, Kjersti, Siv Helen, Nancy, Evelyn, Merethe og Therese