Motorsport krev stor plass. Slike anlegg bør derfor planleggast i område som allereie er bygde ned eller sterkt påverka, skriv Olav Østebø Olsen.
Motorsport krev stor plass. Slike anlegg bør derfor planleggast i område som allereie er bygde ned eller sterkt påverka, skriv Olav Østebø Olsen. FOTO: Privat

«Fjord Motorpark bør ikkje med i kommuneplanen»

Den som har lese Vestavind den siste veka, kan få inntrykk av at det politiske Sveio står samla for Fjord Motorpark. Slik er det ikkje.

Me i SV er ikkje motstandarar av motorsport. Lokallagsstyret vårt inkluderer fleire erklærte motorsportentusiastar. Men arealet som er føreslått av Fjord Motorpark er lite eigna for føremålet. Derfor er me mot at eit motorsportanlegg ved Paddevegen skal bli del av den nye kommuneplanen.

Motorsport krev stor plass. Slike anlegg bør derfor planleggast i område som allereie er bygde ned eller sterkt påverka. Men det føreslåtte området ved Paddevegen består for det meste av intakt skog, lynghei og myr.

Skal ein gå for eit så stort naturinngrep, bør det vera andre grunnar som gjer staden særleg godt eigna. Er det tilfellet her? Infrastrukturen ligg ikkje til rette. Og sjølv om det er ulike oppfatningar om kor mykje støy det vil bli, er det ikkje til å komma bort frå at plasseringa så nær eit bustadområde kan by på konflikter.

Når ei sterkt negativ tilråding kan bli til ei positiv innstilling, peiker dette på eit grunnleggande problem i norsk naturforvaltning. Som lokalpolitikarar har me det øvste ansvaret for å ta vare på naturen vår. Men dessverre er det større politiske insentiv for nedbygging enn for bevaring.

Gevinsten ein får ved ny aktivitet i kommunen er lokal og umiddelbar. Skaden er derimot global og langsiktig. Denne ulykksalige dynamikken er ein av motorane bak den pågåande naturkrisen. Skal me endra kurs, må me våga å seia nei. Sjølv om me risikerer at ein sjanse glepp for kommunen vår.

Fortsatt er framlegget om Fjord Motorpark formelt sett berre eit innspel til kommuneplanen. Det er formannskapet som styrer det fortløpande arbeidet med denne, og så langt ser gruppa ut til å vera nokså samstemt. Kanskje hadde dei hatt godt av fleire ulike perspektiv.

Før jul handsama kommunestyret eit framlegg om å utvida styringsgruppa, slik at også partia som ikkje er representerte i formannskapet, skulle få talerett her. Men fleirtalet (H, FrP, Sp og KrF) enda i staden med å invitera to ekstra representantar frå H og FrP. Det var visstnok ikkje behov for breiare politisk medverknad, sidan arbeidet med kommuneplanen no var heilt i innspurten.

No vel. Me har nettopp fått høyra at eit høyringsforslag tidlegast vil vera klart i 2025, som følgje av vedtak om endringar som skal innarbeidast i planen. Og eg er slett ikkje sikker på at planen har sett si siste forseinking. Sjølv kunne eg tenkt meg å vera med på denne reisa, og det er eg sikker på at kollegaene mine i MDG og INP også kunne.

Først når høyringsforslaget er klart vil kommunestyret i sin heilskap igjen bli involvert i prosessen. Me får sjå korleis stemninga er når det røyner på.

Olav Østebø Olsen
Kommunestyrerepresentant for SV – Sosialistisk Venstreparti