nyhende
Nyskapande aktivitetsanlegg:
Ber om kostnadsestimat for utvida hallkapasitet
Formannskapet i Sveio kommune fatta tre vedtak etter skissa for nyskapande aktivitetsanlegg vart presentert. Mellom anna vil dei vita kva det vil kosta å utvida hallkapasitet på Vigdartun.
Det er no mogeleg å sjå skissa til nyskapande aktivitetsanlegg ved å trykke her. Denne skissa vart diskutert av formannskapet måndag kveld, og etter noko diskusjon fatta dei tre punkt som kommunestyret skal røysta over.
- Sveio Idrettslag er den største brukargruppa, og difor skal deira innspel verta teken med når det gjeld anleggsløysingar.
- Formannskapet ba om kostnadsestimat for utbygging og ombygging av Vigdartun, altså prislappen på prosjektet.
- Formannskapet ba også om kostnadsestimat for ei utviding av hallkapasitet bak Vigdartun, altså noko som ikkje er med i skissa.
Dei to første punkta vart samrøystes vedteke, men det siste valde John Kristian Økland (H) å røysta mot. Forslaget vart likevel vedteke med seks mot ei stemmer. Dei to første punkta vart samrøystes vedteke. Det siste valde John Kristian Økland (H) å røysta mot. Forslaget vart likevel vedteke med seks mot ei stemmer.
Økland peiker på at ekstra idrettshall ikkje var del av prosjektet og at det kan verta meir omfattande og dyrare enn tidlegare kjend.
– Mitt mål er å finna kostnadseffektive løysingar for å gjera det økonomisk mogeleg å gjennomføra prosjektet, seier Økland.
Han meiner det er uklokt å auka omfang når dei allereie har store utfordringar med å finansiera dei originale planane.
MERKNAD: Det er lagt til kommentar frå John Kristian Økland (H) om kvifor han røysta nei til punkt 3.