Anne Grindevik (t.v.) og Vigdis Røen Leirvik under Folk i sentrumi fjor. Dei håper barn og unge med revmatiske lidingar tar turen til Stord under årets arrangement.
Anne Grindevik (t.v.) og Vigdis Røen Leirvik under Folk i sentrumi fjor. Dei håper barn og unge med revmatiske lidingar tar turen til Stord under årets arrangement. FOTO: Irene Bruket Naustvåg

«Har tilbod til barn og unge frå heile Sunnhordland»

Er det eit barn i familien din eller på skulen din, som har muskel og skjelettvanskar?  Er du ein ungdom som veit kva barneleddgikt eller systemisk lupus er?

Dette er to av dei vanlegaste revmatiske diagnosane blant barn. Kvart år får 150 nye barn ein revmatisk sjukdom. Over 1.500 barn og unge under 18 år har ein slik sjukdom.

Mange av desse kjenner seg åleine, og Sunnhordland lokallag ynskjer å lage eit arrangement for barn og ungdom frå Sunnhordland. Arrangementet er gratis og finn stad under Folk i sentrum – Folkehelsedagane på Stord 6.-9. juni.

Gratis basseng og pizza

Vanlegvis har lokallaget stand på laurdagen på desse dagane. I år ynskjer me å gå eit skritt vidare. Det vil bli arrangert gratis basseng med instruktør og badevakt frå lokallaget. Bassenget er i Stord Rehabiliteringssenter. Vatnet er oppvarma til 34 grader. Etterpå vil det bli gratis pizza i kantina på Rehaben.  Håpet er også at ein representant frå fylket kjem og informerer om tilbod til barn og unge i fylket.

Det blir to grupper, først dei minste frå 7 til 12 år. Når dei er ferdige i bassenget står instruktørane klare til å ta i mot ungdomsgruppa 13 til 18 år.  Dei minste må ha ein forelder med seg, og dei største kan ha med seg ein ven. Det er påmelding, sjå annonse i Vestavind.

Om du kjenner eit barn eller ein ungdom med ein slik diagnose, så tips ho eller han om dette arrangementet.

Lokallaget som arrangerer har nett skifta namn til Sunnhordland Revmatikarlag. Dette for å visa at barn, unge og vaksne frå heile Sunnhordland er velkomne som medlemmer.

Kanskje det kan bli eit fast tilbod i oppvarma basseng etter kvart? Burg- familiebading?

Ivrige damer frå Sveio

På ekstraordinært årsmøte 22. mai endra det lokale revmatikarlaget namnet sitt til Sunnhordland Revmatikarlag.  Endringar i tida gjorde det meir naturleg at laget fekk eit namn som gjenspegla kor medlemmene faktisk kjem frå.

Som dei to ivrige damene frå Sveio, June Jacobsen Steen og Anne Tordis Wathne, som køyrer til bassengtrening to dagar i veka. Desse er også flinke å slutta opp om andre aktivitetar laget har.

Under pandemien la fleire lokallag ned aktiviteten.  Dei medlemmene som ville blei flytta over til  Stord Revmatikarlag. Slik vaks laget og har no medlemmer frå alle sunnhordlandskommunane. Stord lokallag stifta i 1988 er no blitt Sunnhordland Revmatikarlag, og har 238 medlemmer.

Aktivitetar og frivillig arbeid

Hovedaktiviteten i laget er bassengtrening i oppvarma basseng. Der er det instruktørar som har kurs i både livredning, og tilpassa fysisk trening i basseng. Det er ikkje berre medlemmer som nyttar seg av dette, men medlemmer får ein rimelegare pris. Det same gjeld turar i regi av laget.

Utan frivillige folk i styret, valkomité, badevakter,  og til arrangere kurs og basar hadde ikkje laget kunna eksistera.  Etter nedlegging av Bømlo lokallag har me vore så heldige å få med Elin Folgerø Haugland i styret.  Ho er ein positiv representant for Bømlo, og skrivar i laget.

Resten av styret valt 21.02.24 er Irene Bruket Naustvåg, leiar, Torhild Dikkanen, nestleiar, Anne Kvalheim, studieleiar, Ingvill Larsen, kasserar, Åse Elise Madsen og Vigdis Røen Leirvik, begge styremedlemmer. Varamedlemmer er Anlaug Hirth og Even Leivestad.

Inntekter og aktivitet

Det er basaren som er hovudinntektskjelda vår utanom kontingent.  Ein del av kontingenten går til fylket. Vidare får me av og til økonomisk støtte etter søknad. Me har fått støtte til Burg-arrangementet 8. juni.

Som medlem støttar ein forsking innan revmatisme. Ein kan delta på ulike kurs og motta nyttig informasjon i medlemsblad eller NRF sine heimesider.

Laget har sin eigen aktivitetsplan laga etter nasjonal handlingsplan.  Me legg stor vekt på trivsel og samhold, og me prøver å arrangera kurs og turar som skal vera opne for alle å delta på. Mykje lærerikt og veldig sosialt.

Helsing
Irene Bruket Naustvåg, leiar