nyhende

Tjernagelvegen-beh-1

Fylkesveg 541: – Må sjå om fylket kan rista i sparegrisen og finna pengar

Nyleg vart Fylkesveg 541 teke med i forslag til Regional Transport Plan hjå Vestland fylkeskommune. Vert den vedteke i juni er Sveio eit steg nærare å byrja utbetringa på vegen det har vore mykje kamp om.

Publisert Sist oppdatert

Ordførar André Mundal Haukås (H) er takksam for kva som nyleg hende på fylkestinget.

– Veldig bra me har fylkespolitikarar som hjelper oss å følgja opp vegen, og som gjev brei støtte i handsaminga. Eg trur det er viktig for grunneigarane langs vegen også at arbeidet kan koma i gang, og at det ikkje vert liggjande for lenge, seier han.

Politisk arbeid

Tysdag 21. mai fekk politikarar frå Høgre i fylkestinget lagt til Fylkesveg 541, også kjend som Tjernagelvegen, på lista til Regional Transport Plan (RTP).

– Me har jobba for å få inn Tjernagelvegen, og den fekk me lagt til politisk, seier han.

Opphaveleg var vegen ikkje inkludert i forslaget til RTP, men dei fekk røysta den inn. Likevel åtvarar ordførar Haukås mot å spretta champagnen allereie no.

– Det føl ikkje pengar med, men vegen er teke med i eit punkt kor dei ber fylkesdirektøren vurdera om det er midlar til tiltaka. Me må sjå om han kan rista i sparegrisen og finna noko til Tjernagelvegen, seier han.

Fylkesordføraren lova pengar

Samstundes som Haukås ikkje vil jubla enno, så oppmodar han sveibuar til å hugsa tilbake til valkampen i fjor.

– Då sa Jon Askeland (Sp), dåværande fylkesordførarkandidat, at når Sveio vedtek reguleringsplanen skal fylket koma med pengane, seier ordføraren.

Reguleringsplanen har vorte vedteke, så no manglar berre pengar til utbetringa. RTP skal gjerast vedtak på i fylkestinget i juni, og mogelegvis kjem midlane der.

– Om ikkje fylkesdirektøren sjølv finn pengar kan det vera mogeleg å jobba det inn i budsjettet mot hausten. Det er fylket som har vedteke utbygging av fiskerihamna på Langevåg, så det er i deira interesse med ein veg med god gjennomkomst i Sveio, seier han.

For dei som har kjempa fram den vedteke reguleringsplanen av Fv. 541, har den komande auka i trafikken frå fiskerihamna vore eit hovudargument.

MERKNAD:
I den første utgåva av artikkelen stod det at politikarar frå KrF og Høgre la fram forslaget. Det var Høgre som la det fram, og fekk støtte frå KrF. Me ber om orsak for feilen.

Powered by Labrador CMS