nyhende

Lars NorekvålSveio næringsforumØlen Betong
Lars A. Norekvål (fremst i biletet) er dagleg leiar i Ølen Betong og svært nøgd med kontrakten dei har sikra seg. Biletet er henta frå eit møte i Sveio Næringsforum i fjor.

Ølen Betong sikra stor kontrakt

Nesten 100.000 kvadratmeter med betongelement skal leverast frå fabrikkane i Sveio og Sandeid til prosjektet. Ølen Betong er svært nøgd med korleis det påverkar verksemda. – Det gjev oss føreseieleg arbeid over fleire år, seier dagleg leiar Lars A. Norekvål.

Publisert Sist oppdatert

Det er ikkje første kontrakten dei har fått av Skanska Norge AS, og divisjonsleiar Geir Arild Søndenå i Ølen Betong peiker på god relasjon mellom dei.

– Ølen Betong set stor pris på det gode samarbeidet me har hatt og framleis har med Skanska Norge AS på ei rekke store prosjekter gjennom mange år, seier han.

Over ein milliard

No har Søndenå sin divisjon av Ølen Betong, den som produserer element, ein historisk ordrereserve på over ein milliard kroner. Dette er for samferdsleprosjekt over heile landet dei komande året.

– Og me er framleis i konkurranse om fleire prosjekt som skal avgjerast dei neste månadane, legg han til.

Sikra arbeid for fleire år

Prosjektet dei har vunne kontrakt for denne gongen er E102 Fornebukrysset – Strand og E103 Strand – Ramstadsletta. Desse prosjekta er på Austlandet og vil krevja om lag 95.000 kvadratmeter med element. Norekvål er svært nøgd med mengda arbeid dei har føre seg.

– Me er veldig tilfreds med ein høg ordrereserve som gjev oss føreseielegheit over fleire år, seier han.

Powered by Labrador CMS