Kyrkja vår, som står så staseleg i sentrumsterrenget og er eit kjært landemerke. Skal ho no bli skjult av ein ny, moderne barnehage?
Det er vedtatt å byggja ein ny kommunal barnehage i sentrum. Tomta ligg sørvest for kommunehuset og bygget skal ligga i den nedre delen av tomta. Ideane for tomta ser ut til å ha vore mange, men no skal det altså byggjast ein ny kommunal barnehage.
Kyrkjebygningen er i seg sjølv ei kjelde til samhald, historie og kultur, og er eit bygg dei aller fleste i kommunen har eit forhold til. Eit offentleg samlingspunkt for bygda vår der alle er velkomne. I ei tid der stadsidenitet og fellesverdiar stadig blir viktigare, er det vesentleg å bevara dei deler av det visuelle landskap og den felles erindringa som ligg i kyrkjebygget og gravplassen.
Dette er framleis ein stad for viktige livsriter. Det er dermed viktig at det blir tatt omsyn til dei handlingar som finn stad i og nær kyrkja og ute på gravplassen. Dette kan handla om støy og ein viss diskresjon knytta til gravlegging og besøk av graver. Høg bureising tett opp mot kyrkja kan påverka både moglegheit for diskresjon og verdigheit ved handlingane og for dei besøkande.
Sveio kyrkje er eit klassisk landemerke. Køyrer ein Fylkesveg 547 ser ein godt kyrkjebygget frå vegen utmerka seg i sentrumsbilete. Og enda vakrare er det på kveldstid, då er det ingen tvil kor Sveio sentrum ligg når kyrkja lyser opp frå alle kantar.
Eg håpar at Sveio kyrkje forblir eit landemerke, og at det framleis er Sveio kyrkje ein ser ruve i landskapet i det ein køyrer forbi på Fylkesveg 547. Ikkje ein barnehage.
Høyringsfrist for merknadar til planarbeidet er no 9. juni, og eg ynskjer lykke til med arbeidet med barnehagen framover. Eg håper med eit stort hjartesukk at planarbeidet tek spesielt omsyn til byggehøgda på barnehagen i forhold til kyrkja og respekterer den lovbestemte 60 meter-grensa som seier at i spreidd busetnad er bureising ikkje tillate nærmare kyrkja enn 60 meter utan tillating av departementet (Kyrkjalova § 21).
Anne Vierdal
Leiar Sveio sokneråd