Avtroppande journalist Thomas Vallestad Drageset og redaktør Ellen Marie Hagevik. Sjølvfie er ikkje redaktøren si sterkaste side, men me er gode på å halda humøret oppe sjølv om dagane har vore ekstra travle sidan november.
Avtroppande journalist Thomas Vallestad Drageset og redaktør Ellen Marie Hagevik. Sjølvfie er ikkje redaktøren si sterkaste side, men me er gode på å halda humøret oppe sjølv om dagane har vore ekstra travle sidan november. FOTO: RedaktørenBilde 1 av 2
Ein av dei få gongane kamera vart snudd og journalisten sjølv vart avbilda i desember 2022. Premien i hendene skuldast grådig svolt, då journalisten tok ein porsjon graut og fekk mandelen under kommunestyremøtet før jul.
Ein av dei få gongane kamera vart snudd og journalisten sjølv vart avbilda i desember 2022. Premien i hendene skuldast grådig svolt, då journalisten tok ein porsjon graut og fekk mandelen under kommunestyremøtet før jul. FOTO: PrivatBilde 2 av 2

Vestavind vert ein færre

Journalisten skal slutta i Vestavind, og redaksjonen vert difor ein færre. Redaktør Ellen Marie Hagevik fortel at to av tre tilsette vil mangla frå slutten av juni.

Det har vore fullt køyr og armar og bein for lokalavisa i mange månadar.

– Me har sidan november hatt redusert bemanning grunna manglande vikar for dagleg leiar Susanne Lie Vallestad. Dette har gjort at eg har måtta ta over ein del administrative og praktiske oppgåver. Sjølv med god hjelp frå gamleredaktør Irene Flatnes Haldin på annonsar, rekneskapsbyrået vårt og styreleiar Bent Rune Sinnes, har det gått ut over den redaksjonelle kapasiteten min, fortel Ellen Marie Hagevik, redaktør i Vestavind

Berre nettavis før og etter fellesferien

Dagleg leiar kjem attende 22. juli, men innan den tid vert redaksjonen ein færre.

– Journalisten vår Thomas Vallestad Drageset har sagt opp og har siste arbeidsdag 21. juni. I praksis betyr det at me manglar to av tre tilsette frå 22. juni, seier ho.

Vestavind tek difor grep for å tilpassa seg kapasiteten, noko som inneber at det ikkje kjem ut papiravis i veka før og etter fellesferien.

– Me har som vanleg fellesferie og heilt stengd i veke 28 og 29. Det betyr at sveibuane får oppdatert nettavis i veke 27 og 30, seier Hagevik.

Open dag 13. juni

I samanheng med det naudsynte grepet inviterer Vestavind til open dag torsdag 13. juni, mellom klokka 12.00 og 14.30.

– Då kan alle dei som treng det få hjelp til å setja opp nettavisa, og i tillegg vert det gode råd, kaffi og nysteikte vaflar.

Redaktøren fortel at i perioden med berre henne på jobb vil ho følgja med på det som skjer dag for dag.

Frilansarar

– Me siktar på å bruka våre flinke frilansarar, Kjartan Moe Hustvedt, Anne Synnøve Breistig og Aleksander Sebastian Leirvik noko meir, seier ho.

Hagevik oppmodar difor om å tipsa om ting som skjer, både dag, kveld, kvardag og helg. Sidan Vestavind ikkje kom i mål med utlysing av stillinga vil dei gjera det på ny til hausten.

– Har lesarane tips om gode kandidatar må dei gjerne gje ein lyd. Og det er ope for å senda inn søknad før neste søknadsrunde, seier ho.

Hol i vegane

På spørsmål om kva den beste saka som avtroppande journalist har levert, svarar redaktøren at det ikkje er mogeleg å velja. Sjølv meiner journalisten at særleg ei spalte har sett spor.

– Tida som journalist har gjort meg raskt kjend med fleire stadar og mange folk i kommunen. Eg er takksam for alt eg har fått sjå gjennom jobben, og ikkje minst at Vestavind har vore open for å dekka ting som mogelegvis ikkje er så «store», men likevel viktige. Til dømes dei mange hola i våre til tider trafikkfarlege vegar, avsluttar Drageset.