nyhende
Fylkeskommunen usamd med Sveio om vegprioritering
Sveio kommune vil prioritera kryss på Ekrene i utbetring av Fylkesveg 47. Fylkeskommunen meiner det er ein dårleg ide, og ber dei velje nordre avkøyrsel frå Sveio sentrum.
Måndag 17. juni skal siste kommunestyremøte før sommaren haldast, og då skal dei mellom anna røyste over Fylkesveg 47 (Fv. 47) og eventuelle midlar frå utvida Haugalandspakke. Rådmannen har kome med følgjande framlegg:
Ulike prioriteringar
Sveio kommune prioritererar følgjande prosjekt for midlar i utvida Haugalandspakke, i prioritert rekkjefølge:
- Omregulering av «Fv. 47 Fagerheim – Ekrene», del i Sveio kommune
- Trafikksikringstiltak Fv. 47 Nordre avkjørsel til Sveio sentrum
- Utbetring av søndre avkjøyrsel til Sveio sentrum
- Manglande lys frå Kvalvågvegen til E39
Felles for alle tiltaka er at dei er prosjekt som «ligg under lina» i utvida Haugalandspakke, som betyr at dei berre får midlar om det er meir igjen etter prosjekta «over lina» har vorte finansiert. Ynsket til Sveio er å få på plass eit nytt og betre kryss på Ekrene, slik at både næringsparken og nærliggande nabolag får betre trafikkavvikling. Men, Vestland fylkeskommune ser det annleis.
– Ikkje behov
– Ut ifrå ei trafikkfagleg vurdering ser me ikkje behov for å samla eller utbetra kryssa, skriv fylkeskommunen i eit brev til Sveio kommune den 22. februar i år.
Ifølgje rådmannen har fylkeskommunen kome med grove prisanslag kor ny kryssløysing på Ekrene i form av rundkøyring kjem på rundt 50 millionar kroner, og utbetring av nordre avkøyrsel frå Sveio sentrum kjem på 16 millionar kroner.
– Trafikken i dag har ein årsdøgntrafikkv (ÅDT) på 6.400, og grensa for planfritt kryss ligg ved ÅDT 8.000, skriv dei vidare.
Sjå mot nord
Mengda trafikk er altså ikkje høg nok for å rettferdiggjera ny kryssløysing, og samstundes påpeiker dei at omregulering av Fv. 47 kan ta tid. Med det meiner fylkeskommunen at det er risiko for at det ikkje lenger er tilgjengelege midlar frå forlenga Haugalandspakke for nytt kryss på Ekrene. Dei ser heller at Sveio ser nordover i staden for mot sør.
– Det ligg føre godkjent reguleringsplan for Fv. 47 nordre avkøyrsel til Sveio sentrum, skriv fylkeskommunen i brevet.
Godkjent i 2017
Planen vart godkjent i 2017, og viss den ikkje vert gjort noko med innan 10 år vil den ikkje kunne nyttast utan ny runde med arbeid.
– Fylkeskommunen vil rå at midlane til trafikktryggleik og kryssutbetring vert brukte til å iverksetja gjeldande reguleringsplan for nordre avkøyrsel, heiter det i brevet.