Då Pride har ein klar politisk agenda meiner eg at kommunen ikkje skal ha ei rolle som arrangør i Pride-feiringa. Kommunen skal til dømes ikkje laga eigne arrangementet og invitera til Pride frå sine eigne profilar på sosiale media. Stortinget heiser for eksempel ikkje regnbogeflagg under Pride på grunn av at Pride har ein politisk agenda. «Pride er ei politisk markering» slår sekretariatsleiaren på Stortinget fast. Her bør kommunane sjå til vår eiga nasjonalforsamling og følga deira praksis.
Sjølvsagt skal dei som vil feira Pride ha sine arrangement, me lever tross alt i eit fritt land med ytringsfridom og friheit. Men kommunen bør halda seg til sine oppgåver og ikkje ta ein aktiv del i politiske markeringar. Politikk splitter, det viser nye undersøkingar at Pride også gjer.
Jarle Jacobsen
Sveio KrF
Vil du sjå diskusjonen om Pridearrangement?
Trykk på lenka her
Vel «Orientering forts» i høgre meny
Gå til tidskode 05:35