Tur til Strando i Førde er mellom anna noko av dei mange gratis aktivitetane sveibuar kan melda seg på i sumar.
Tur til Strando i Førde er mellom anna noko av dei mange gratis aktivitetane sveibuar kan melda seg på i sumar. FOTO: Thomas Vallestad Drageset (Arkiv)

Gratis aktivitetar i sumar: Nordsjøleir og karusell står for tur

Fleire organisasjonar gjer sitt for at det er aktivitetar å kasta seg med på i sumar. Og, det kostar deg ikkje ein krone!

For mange barn, ungdom og familiar er sumarferien ein tid for å kosa seg. Nokon reiser av stad for å oppleva, andre vert heime for å slappa av, og nokre gjer litt av begge deler.

Nordsjøleir

Njord Dykkarklubb har vore aktiv med rydding av havbotn og strandrydding med ungdomar. Men om sumaren held dei Nordsjøleir, ein fridykkarleir kor alle som ynskjer kan vera med. Ein treng ikkje utstyr frå før eller kjennskap til dykking.

– Nordsjøleiren er delt i to deler slik at flest mogeleg kan delta, seierLars Einar Hollund, leiar i Njord Dykkarklubb.

Her er oppstart i veke 29, kor første del er frå måndag 15. til onsdag 17. juli, og andre del i frå torsdag 18. til laurdag 20. juli.

– Oppmøte er Buavåg/Grunnavågen, fortel Hollund.

Påmelding gjerast enten via dykkarklubben si facebookside eller til arrangørane Lars Einar Hollund (epost: ehollund@online.no, telefon: 918 40 980) og Vibeke Enerstvedt (epost: evibeke@hotmail.com, telefon: 450 10 206).

Mykje å prøva på karusellen

Og så er det Sommarkarusell, eit samarbeid mellom Sveio IL, folkebiblioteket, karateklubben og kulturskulen. Her vil barn mellom 1. og 7. klasse få prøva ut tilboda til organisasjonane, til dømes ulike typar idrett, karate, musikk og aktivitetar som folkebiblioteket har.

Sommarkarusellen er 6. og 7. august, og påmeldingsfristen er innan 17. juli. Det kan gjerast ved å trykka her.

Tur, kino og spel

Frivilligssentralen har eit tilbod i sumar for dei som vil finna på noko i byrjinga og slutten av sommarferien.

– Dette er eit tilbod for barnefamiliar og ungdom i alderen 13 til 18 år, fortel dagleg leiar Guro Eriksen Røher ved Sveio frivillingssentral.

Aktivitetane krev påmelding. Du melder deg på til, Guro.roher@bymisjon.no og fristen er 16. juni.

Dette kan du vera med på:

Veke 26: (24. juni til 28. juni)

Måndag: Førdestranda

Tysdag. Tur til Bjellandselva

Onsdag. Bading på Tysværtunet

Torsdag: Røvær, besøk på Havbrukssenteret.

Fredag: Kongeparken

Veke 32: (5. august til 9. august)

Måndag: Edda kino «Gullnebb» fra 6 år

Tysdag: Røvær, besøk på Havbrukssenteret.

Onsdag: Bø sommerland (berre ungdom)

Torsdag: Edda kino, «Twisters» fra 13 år (berre ungdom)

Fredag: Spel på Sveio golfklubb og tur til Golfståvo

Boblefotball og paintball

I Sveio kan tilbodet delast i fire. Førde Ungdomslag har fire dagar nesten på rappen, og påmeldinga gjerast innan 21. juni på epost til fordeungdomslag@hotmail.com. Husk å oppgje namn og alder på bornet, og sjå Facebooksida til ungdomslaget for detaljar, reglar og passande alder for kvart arrangement.

Tysdag 25. juni: Paintball på Vikse

Torsdag 27. juni: Aktivitetsdag på Solgry, med padling, gokart, minigolf og gratis grillmat.

Laurdag 29. juni: Aktivitetsdag og grilling på Førde skule.

Søndag 30. juni: Boblefotball og pizza på Kaien i Førde