Det varmar hjarta våre å sjå regnbogeflagget vaia utanfor kommunehuset, skriv SV-medlemmene.
Det varmar hjarta våre å sjå regnbogeflagget vaia utanfor kommunehuset, skriv SV-medlemmene. FOTO: Gunnhild Lønning (arkiv)

«Pride og Sveio kommune»

Me i Sveio SV støttar at ordføraren tok initiativ til å stilla med banner og plass i Pride-paraden i Haugesund den 15. juni, og det varmar hjarta våre å sjå regnbogeflagget vaia utanfor kommunehuset!

Som ein mellomstor kommune meiner me det er ekstra viktig for Sveio å markera seg i denne samanhengen. Me har høyrt mange vonde historier frå LHBT-personar frå mindre plassar. Mange har kjent på utanforskap og blitt dømde og hengde ut for å vera seg sjølve. Nokon av dei som opplever å ikkje passa inn vil – forståeleg nok – velja å flytta vekk. Det er eit stort tap for både lokalsamfunnet og kommunen.

Årets Pride-parade i Haugesund var ei markering for mangfald, toleranse og solidaritet. Det er ei brei markering, som femnar om eit stort mangfald av politiske standpunkt. Grunntanken bak arrangementet bør ikkje vera særleg kontroversiell i 2024. Kommunen si deltaking gir dei av oss som ønskjer det, eit glimrande høve til å visa at Sveio er ein varm, raus og inkluderande kommune. Det er elles heilt frivillig om ein ønskjer å stilla seg bak banneret.

Derfor synest me det var ekstra leitt å lesa KrF sin kritikk av initiativet i Vestavind (på nett den 12. juni). Prinsipielle diskusjonar om korleis kommunen skal profilera seg bør me sjølvsagt ønska velkomne. Men i denne saka er det lite rimeleg å drøfta prinsippet isolert sett, utan å eingong forsøka å vega interessene til dei berørte gruppene mot kvarandre.

Kva saklege innvendingar som måtte finnast mot at kommunen skulle delta i arrangementet, og kor mykje omsyn det eigentleg er rimeleg å ta til dei, går heilt usagt i Jacobsen sitt innlegg.

Vårt råd til KrF er dette: Eit parti som ønskjer å gjera kommunen attraktiv for unge tilflyttarar, bør vakta seg for å bidra til å skapa tvil om Sveio er ein stad med hjarterom for alle.

God Pride!

Arild Høyland, Olav Østebø Olsen, Jorunn Mæland Ronæs, Kristina Våge Ballard og Eli Neeraas Vihovde
Sveio SV