Tidlegare ordførarar Linn Therese Erve (Ap) på eit av Sveio folkebibliotek sine Sommarles-arrangement.
Tidlegare ordførarar Linn Therese Erve (Ap) på eit av Sveio folkebibliotek sine Sommarles-arrangement. FOTO: Torstein Tysvær Nymoen (arkiv)

«Eit styrka Sveio folkebibliotek»

Som eit konkret tiltak til lågt meistringsnivå i lesnad på 5.trinn i folkehelseprofil rapporten for 2024, la Sveio Arbeiderparti inn eit forslag til å styrkja Sveio folkebibliotek med 40 000 kroner. Dette for å gi biblioteket handlingsrom til å byggja på sommarles-kampanjen med gratis arrangement retta mot auka leselyst blant barn og unge.

Biblioteket vårt gjer ein fantastisk jobb i å fremja leseglede for alle i kommunen, og spesielt barn og unge. Me håpar dette tiltaket vil gi stor gevinst til hausten på halen til ein svært populær Sommerles-kampanje.

Me er utruleg glad og takksamt for at eit samla kommunestyre støtta forslaget vårt. Det er viktig for Sveio Ap å leggja til rette for gode tiltak som kan betra leseferdigheitene til elevane våre. Dette vil også byggja vidare på regjeringa si satsing med fleire fysiske lærebøker for å sikra meir lesing.

Me ser fram til å sjå kva dei fantastiske damene på biblioteket klarer å få til med desse midlane.

Sveio Arbeiderpartiet si kommunestyregruppe, ved Kristian Haaland