nyhende

NAF om Fv. 47-strekning: – Utgjer ein trafikkfare

Strekninga mellom Tveit og Kvednaneset er full av hol og fleire bilistar køyrer slalåm for å unngå skade på bilen. NAF seier dei forstår bilistane, men kallar både vegen og slalåmkøyringa farleg.

Publisert Sist oppdatert

Fylkesveg 47 er ein av dei mest trafikkerte vegane i kommunen. På eit om lag 300 meter langt strekk mellom Tveit og Kvednaneset har vegen vorte så holete at det utgjer ein trafikkfare ifølgje NAF.

Dei mange og breie hola i vegen får nemleg bilistar til å køyra utanom, noko som til tider krev slalåmkøyring.

– Kan skapa farlege situasjonar

Vestavind var på staden ein torsdags føremiddag i under eit kvarter og såg fleire bilar som køyrde midt i, eller over i den andre vegbana. I etterkant har me sendt bileta til Noregs Automobil Forbund (NAF), interesseorganisasjonen for norske bilistar. Dei er tydelege: vegen fører til farleg køyring.

– Dette er dessverre ikkje noko enkelttilfelle, seier Jan Harry Svendsen, rådgjevar for trafikktryggleik hjå NAF.

Med det meiner han den holete strekninga mellom Tveit og Kvednaneset, og viser til at dette er eit nasjonalt problem.

– Forfallet, særleg på fylkesvegar, er stort, og så lenge desse vegane ikkje vert vedlikehaldne kan me få strekningar der bilistar køyrer som på bileta. Ei slik åtferd kan skapa farlege situasjonar og er ikkje ynskjeleg, legg han til.

Forstår den farlege køyringa

Strekninga er ei 80-sone med svingar i kvar ende, noko som gjer sikta enda dårlegare for bilistar som køyrer slalåm mellom hola. Svendsen unnskyldar ikkje køyringa til slalåmbilistar, men understrekar at ein samstundes må reflektera over kvifor det vert slik.

– Det er lett å forstå at ein ikkje ynskjer å øydelegga bilen ein har, seier han.

– Kva skade kan hol og humpar gjera på ein bil?

– I verste fall kan ein øydelegga dekk, felg og hjuloppheng. Djupe hol kan i tillegg gjera stor skade på ein bil, spesielt om ein køyrer over dem i høg fart, forklarar Svendsen.

Etterlyser handling

Medan Vestavind er på staden ser me fleire bilar passera kvarandre på den holete strekninga. Bilistane klarar å halda sida fint, men straks det vert «tomt» på strekninga og (synleg) trafikk berre går i ei retning, så trekker fleire bilistar mot midten.

Ein bil er faktisk vel over i andre køyrefelt, samstundes som den nærmar seg nordgåande sving kor bilisten ikkje har utsikt over kva som kjem i motsett retning.

Rådgjevaren hjå NAF etterlyser handling.

– Det me ser her er ein trafikkfare, og difor bør vegeigar koma på bana og utbetra strekninga. Det skal ikkje vera slik at bilistar må køyra sikk-sakk for å unngå hol i vegbana, avsluttar Svendsen.

Dobbel så høg risiko på fylkesveg

Fleirtalet av dei som har døydd i trafikken i år har gjort det på fylkesvegar ifølgje tal frå Statens Vegvesen. Pressesjef i NAF, Ingunn Handagard, fortel det er dobbelt så høg risiko for alvorlege ulukker på fylkesvegane samanlikna med riksvegar. Ein rapport reknar at det trengs 1,5 milliard kroner berre for å stogga forfall på landets fylkesvegar.

– Regjeringa har snakka om å ta vare på vegane me har i fleire år, men har berre auka bevillingar til vedlikehald av riksvegar. Dei peikar på at fylka må ta ansvar for fylkesvegar, men då må dei setjast i stand til å gjera det, seier ho.

NAF peiker på at totalt sett heng fylka etter på vedlikehald av fylkesvegar med over 100 milliardar kroner.

Powered by Labrador CMS