nyhende

Kan bli ferdige i løpet av dagen

Endeleg blir nokre av dei verste delane av Fv. 47 mellom Ekrene og Tveit utbetra. Prisen du må betala er å stå litt i kø utover tysdagen.

Publisert Sist oppdatert

På veg sørover mot Haugesund er første stopp før Kvednaneset. Bergen sin blidaste trafikkdirigent køyrde på jobb 05.00 i dag, og er framleis like blid i 11.30-tida. Og myndig.

Her får du ikkje køyra forbi vegarbeidet utan følgebil, så det er berre å smøra seg med tålmod. Følgebilen held fram til avkøyrselen til Lindøy og Vigdarheim. Her må du vera litt ekstra obs om du skal ut på Fv. 47 frå Lindøyvegen. Du må stå og venta til det kjem følgebil anten du skal mot Sveio eller Ekrene.

Deretter går det i 80 til søre del av Ekrene og Rophus-krysset. Der er det manuell dirigering forbi asfaltarbeidet.

Gler seg

Som Vestavind har skrive om den siste tida, er det særleg utfordrande å køyra Fv. mellom Kvednaneset og Tveit. Det er einaste strekket mellom Sveio og Haugesund utan gul midtstripe. Og i tillegg til smal veg er asfalten full i hol. Til dels store hol som bilane køyrer utanom når dei kan.

Roger Lemme er byggeleiar for drift og vedlikehald i Vestland fylkeskommune, og gler seg over at det endeleg blir gjort noko på strekket.

– Ut får det du fortel høyres det ut som det er eit freselag og to asfaltlag i sving. Det betyr at arbeidet truleg vil bli ferdig i løpet av dagen. Då reknar eg med at dei som brukar vegen tåler å stå litt i kø, seier han.

Får pengar til 200 kilometer

– Kvifor venta så lenge når det er gjort på så kort tid?

– Vestland fylkeskommune har ansvaret for 5.600 kilometer med veg. Etter denne vinteren har mange av dei kilometrane dårleg dekke. Når politikarane bevilgar midlar til utbetring av om lag 200 kilometer kvart år, er det ei stor utfordring kva vegar me skal utbetra. Me har hatt Ekrene og Kvednaneset på planen lenge. Sidan det er snakk om om lag 2.500 kvadratmeter ny asfalt, kunne me ta det på drift via anleggsprogrammet. Større utbetringar går på dekkeprogrammet og kjem inn under eit anna budsjett, forklarar Lemme.

I Sveio er det ei strekning som er inne på dekkeprogrammet i år: Sveio - Buavåg.

Powered by Labrador CMS