Nokre av dei frammøtte prøvde fiskelukka, mens andre fanga krabbar, eller hjalp sine barn eller barnebarn. Det blei servert gratis pølser, brus og kaffi. Sjå glimt frå Fiskesommar i Holsvika vidare i bildegalleriet.
Nokre av dei frammøtte prøvde fiskelukka, mens andre fanga krabbar, eller hjalp sine barn eller barnebarn. Det blei servert gratis pølser, brus og kaffi. Sjå glimt frå Fiskesommar i Holsvika vidare i bildegalleriet. FOTO: PrivatBilde 1 av 13
Fiskesommar i Holsvika 2024
FOTO: PrivatBilde 2 av 13
Fiskesommar i Holsvika 2024
FOTO: PrivatBilde 3 av 13
Fiskesommar i Holsvika 2024
FOTO: PrivatBilde 4 av 13
default
default FOTO: PrivatBilde 5 av 13
default
default FOTO: PrivatBilde 6 av 13
default
default FOTO: PrivatBilde 7 av 13
default
default FOTO: PrivatBilde 8 av 13
default
default FOTO: PrivatBilde 9 av 13
Fiskesommar i Holsvika 2024
FOTO: PrivatBilde 10 av 13
Fiskesommar i Holsvika 2024
FOTO: PrivatBilde 11 av 13
Fiskesommar i Holsvika 2024
FOTO: PrivatBilde 12 av 13
Fiskesommar i Holsvika 2024
FOTO: PrivatBilde 13 av 13

Samla nesten 100 til Fiskesommar

Søndag 23. juni 2024 arrangerte Sveio Jakt-, Fiske- og Naturvernforening (SJFNF) nok ein gong suksessarrangementet Fiskesommar i Holsvika på Tittelsnes.

I vekslande sommarvær med både solgløtt og litt regndrypp møtte det opp nesten 100 store og små opp til ein aktivitetsdag ved dette flotte friluftsområdet nede ved sjøen heilt ytterst i Ålfjorden.

Nokre av dei frammøtte prøvde fiskelukka, mens andre fanga krabbar, eller hjalp sine barn eller barnebarn. Det blei servert gratis pølser, brus og kaffi, noko som det blei stor avsetning på.

Malte fiskeslukar

Alle barn fekk gratis fiskehåvar, capsar, fiskehattar og buff. Mange barn og vaksne fekk seg ein padletur i foreininga sine sit-on-top kajakkar og kanoane som me hadde fått låne frå Valestrand idrettslag.

Nytt i år var at alle barn kunne få male sin egen fiskesluk, noko som blei ein populær aktivitet. Ungane storkoste seg med fisking, slukmaling, kanopadling og krabbefangst, og me fekk mykje skryt og positive tilbakemeldingar frå dei som møtte opp.

Størst fisk og mest fangst

Mot slutten av arrangementet ble alt av fangst både talt opp og vegd etter beste evne. Det ble nok ein gang imponerande fangst. Største fisk var ein lyr på 2,3 kg, og største totalfangst var heile 17 fisk med ei totalvekt på 3.392 gram.

Fangstane bestod av både lyr, makrell, berggylt, blåstål, rødnebb, grønngylt, strandkrabbar, strandreker, sjøstjerner og blåskjell.

Under premieutdelinga blei det som vanlig delt ut mange fine premiar til stolte fiskarar. Dei som støtta oss med gåver denne gongen var Haukås Bilverkstad, Haukås Dekk og Fritid, Salar Sport, Kiwi Sveio, Coop Extra Sveio, Rema 1000 og Norges Jeger- og Fiskerforbund.

Tusen takk til dei som sponsa og alle dei som deltok på dette arrangementet, og som gjorde dette til ein fantastisk dag for små og store.

Vidar Høyland
Leiar i Sveio Jakt-, Fiske- og Naturvernforening (SJFNF)