VULKANUTBROT: Oppvaskmiddelet legg seg som ein tynn film av såpe rundt boblene med karbondioksid. Etter ei lita stund blir difor flaska proppfull av såpebobler og får eit utbrot av fargerikt og boblande skum.
VULKANUTBROT: Oppvaskmiddelet legg seg som ein tynn film av såpe rundt boblene med karbondioksid. Etter ei lita stund blir difor flaska proppfull av såpebobler og får eit utbrot av fargerikt og boblande skum. FOTO: Heidi Molstad Andresen / NPKBilde 1 av 7
DETTE TRENG DU: Eddik, bakepulver, oppvaskmiddel, konditorfarge, ei tom flaske og ein kopp til å blande i.
DETTE TRENG DU: Eddik, bakepulver, oppvaskmiddel, konditorfarge, ei tom flaske og ein kopp til å blande i. FOTO: Heidi Molstad Andresen / NPKBilde 2 av 7
TUT OG SØL: Sandra Dybos set flaska i vasken eller på eit underlag som toler litt søl, og fyller flaska med tre spiseskeier bakepulver.
TUT OG SØL: Sandra Dybos set flaska i vasken eller på eit underlag som toler litt søl, og fyller flaska med tre spiseskeier bakepulver. FOTO: Heidi Molstad Andresen / NPKBilde 3 av 7
BOBLANDE BLANDING: I eit glas blandar Sandra saman eddik, oppvaskmiddel og konditorfarge.
BOBLANDE BLANDING: I eit glas blandar Sandra saman eddik, oppvaskmiddel og konditorfarge. FOTO: Heidi Molstad Andresen / NPKBilde 4 av 7
KLAR, FERDIG; SPRUT! Sandra heller blandinga med oppvaskmiddel, eddik og konditorfarge over i flaska med bakepulver. No er det berre å vente på vulkanutbrotet.
KLAR, FERDIG; SPRUT! Sandra heller blandinga med oppvaskmiddel, eddik og konditorfarge over i flaska med bakepulver. No er det berre å vente på vulkanutbrotet. FOTO: Heidi Molstad Andresen / NPKBilde 5 av 7
VULKANUTBROT: Oppvaskmiddelet legg seg som ein tynn film av såpe rundt boblene med karbondioksid. Etter ei lita stund blir difor flaska proppfull av såpebobler og får eit utbrot av fargerikt og boblande skum.
VULKANUTBROT: Oppvaskmiddelet legg seg som ein tynn film av såpe rundt boblene med karbondioksid. Etter ei lita stund blir difor flaska proppfull av såpebobler og får eit utbrot av fargerikt og boblande skum. FOTO: Heidi Molstad Andresen / NPKBilde 6 av 7
EKSPERTEN: Sandra Dybos er formidlar på Vite Meir-senteret i Kaupanger. Ho er utdanna bioingeniør, har ein master i cellebiologi og likar godt å spreie realfagsglede blant born og unge.
EKSPERTEN: Sandra Dybos er formidlar på Vite Meir-senteret i Kaupanger. Ho er utdanna bioingeniør, har ein master i cellebiologi og likar godt å spreie realfagsglede blant born og unge. FOTO: Heidi Molstad Andresen / NPKBilde 7 av 7

Slik lagar du ein sprutande vulkan

Om du blandar eddik og bakepulver, oppstår det ein kjemisk reaksjon. Det kan det bli ein boblande vulkan av. Fargen bestemmer du sjølv!

Utstyr

  • Eddik 5 %
  • Bakepulver
  • Oppvaskmiddel
  • Konditorfarge
  • Ei tom og rein flaske (0,5 l)
  • Ein kopp til å blande i

Framgangsmåte

Set flaska i vasken eller på eit underlag som toler litt søl. Fyll flaska med 3 spiseskeier bakepulver. I eit glas blandar du saman 1 dl eddik, ein stor sprut oppvaskmiddel og rundt 10 dropar konditorfarge. Hell blandinga frå glaset over i flaska med bakepulveret – og vent på eit lite «vulkanutbrot».

Kva er det som skjer?

Når du blandar eddik og bakepulver, skapar du ein kjemisk reaksjon. Eddik (CH3COOH) er ei syre som reagerer med såkalla basar. Bakepulveret (NaHCO3) er ein base. Når du blandar eddik og bakepulver, blir det danna ein gass kalla karbondioksid (CO2).

Oppvaskmiddelet legg seg som ein tynn film av såpe rundt boblene med karbondioksid. Etter ei lita stund blir difor flaska proppfull av såpebobler og får eit utbrot av fargerikt og boblande skum.

Tips!

Om du vil skape ein meir naturtru vulkan, kan du modellere eit fjell av plastelina rundt flaska.

Dette er det første av fire eksperiment du kan prøva heime. Søk på leik og lær utover sommaren, så får du opp dei andre.

Kjelde: Sandra Dybos/ViteMeir

Sommar for dei minste: Leik og lær!