Mathias Vikse, president i Lions Club Sveio
Mathias Vikse, president i Lions Club Sveio FOTO: Irene Flatnes Haldin (arkiv)

Årsmelding frå Lions Club Sveio

Nok eit arbeidsår er over for klubbben vår, og me har hatt eit aktivt år med mange aktiviteter. Styre dette året har vore Mathias Vikse, Egil Lokna, Kjell Gunnar Nymark, Bernt Herland og Håkon Ferstad.

Mange lurer nok på kva Lions er og kva vi står for. Lions er ein verdensomspennande frivillig serviceorganisasjon, kvinner og menn som ønsker å bruke noe av sin fritid til å hjelpe andre.

Vi er politisk og religiøst nøytrale, men har eit felles verdigrunnlag og felles mål. Lions samler inn penger og gir til andre, lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Vi har støtta Frivilligsentralen med Drømmesommer lokalt med 10.000 kroner.

Me starta arbeidsåret på hausten med planlegging av årets aktiviteter.

Julebordet vi skulle arrangere i november blei dessverre avlyst på grunn av liten påmelding. I mars arrangerte vi vårmarsj fra Fjellstad til Mølstre eller så langt ein ville gå. Det var natursti med spørsmål for de små og utdeling av frukt og saft underveis i løypa.

Lions har nå starta opp med bingo på Frivilligsentralen/Sambrukshuset. Dette har vore godt mottatt, og me vil forsette til hausten.

Siste helga i april arrangerte vi den årlege Tulipanaksjonen der me selde 2.800  tulipaner i Sveio, inntektene går til forebyggande arbeid for barn og unge. I mai vaska, skrapa og malte vi eit hus i Førde, her var mange av våre medlemmer med på dugnad.

Arbeidsåret avslutta me på sjøhuset i Buavåg med god mat og drikke og allsang.

Me vil takke alle som har støtta Lions Club Sveio og hjelpt oss å støtte andre.

Alle er hjarteleg velkommen til å vere med i Lions Club Sveio.

Mathias Vikse, president