Siste og første side i skuleavisa Nordavind laga av klasse 7a ved Sveio skule.
Siste og første side i skuleavisa Nordavind laga av klasse 7a ved Sveio skule. FOTO: Ellen Marie Hagevik

«Tusen takk for støtta, Sveio!»

Alle oss i klasse 7a vil rette ei stor takk til dykk som støtta elevbedrifta og kjøpte skuleavisa vår «Nordavind» rett før sommaren – tusen takk!

Nokre av pengane brukte me på skuleavslutning for klassen, og resten av pengane har me donert bort til nokon som treng pengane meir enn oss. Me donerte dei 2.300 kronene me satt igjen med til Barnekreftforeninga. No rettar me blikket mot ungdomsskulen og vegen vidare. Ønsk oss lukke til.

Helsing alle i 7a ved Sveio skule

Nokre ord til slutt frå Kristin (læraren):

Eg kan ikkje få sagt nok kor stolt eg er av denna kreative, snille, omsorgsfulle og arbeidsame gjengen eg har fått følgje dei siste fire åra! Alle sveiobuar, dykk kan være så stolte av desse ungdommane som er på veg ut i voksenlivet.

Gjennom det siste året har dykk heilt sikkert møtt på gjengen min rett som det er. Kanskje har du kjøpt poteter og lauk av dei på butikken, eller kanskje du har fått hjelp rundt huset ditt til å luke eller måke snø? Det kan òg tenkjast at du har hatt besøk heime av desse unike ungdomane og snakka om gamledagar og spelt spel. Og i vinter sto du kanskje fast med bilen i snøfonna og fekk hjelp til å kome deg laus – ingen problem for denne gjengen.

Alle desse flotte gutane og jentene legg sjela si i alt dei føretar seg, på godt og vondt. Det var difor ikkje noko sjokk for meg at dei ville donere bort pengane etter avisprosjektet, og dette støttar eg sjølvsagt 100 prosent.

No vil eg gjerne avslutte med å sitere kongen vår, mitt store førebilete, som mine siste ord til gjengen min: «Ver deg sjølv. Finn din eigen veg. Alle forsøk på å vere noko anna enn deg sjølv vil bli gjennomskua – og vil gjere deg mindre enn du er. Stol på at du er god nok!»

Tusen takk til alle som har tatt godt i mot oss, og eg ønskjer heile gjengen lukke til på undomsskulen!

Helsing rørt og stolt frøken