Kyr er nyfikne. Under laksefiske i Suldalslågen fekk redaktøren besøk av ein flokk kviger som sjekka utstyret.
Kyr er nyfikne. Under laksefiske i Suldalslågen fekk redaktøren besøk av ein flokk kviger som sjekka utstyret. FOTO: Ellen Marie Hagevik

Lurt å læra seg kuvettreglane

Er du er blant dei som blir litt nervøs når du møter kyr på sommarbeite? Med nokre enkle hugsereglar kan du trygt gå på tur samtidig som du tar omsyn til dyra.

Kommande veke startar fellesferien for fullt, og mange nyttar høvet til å koma seg ut på tur. Då kan det også vera at du treff på beitedyr. Kyr er ofte nyfikne, og kan opplevast litt skumle når dei kjem tett på. Då kan det vera greitt å ha budd seg på korleis ein skal oppføra seg.

– Når me ferdast i naturen på sommaren, deler me den med mange beitedyr. Å kjenna til, og å følgja kuvettreglane er viktig for å unngå konfliktar. På den måten sørger me for at både me og dyra får ei god oppleving, sier Bente Lier, generalsekretær i Norsk Friluftsliv.

Hund og uvande folk

Sommar i Noreg betyr at mange husdyr, inkludert over 260.000 kalvar, kviger og kyr, går på beite i utmark. Dyra bidrar til å halda landskapet ope og fint, men kan også føle seg trua, spesielt når dei har kalver.

– Kuvettreglane er nyttige for å forstå korleis me kan dela naturen med beitedyra på ein god måte. Dette er særleg viktig for dei som er på tur med hund, eller som ikkje er vand til å møta kyr i naturen, sier Lier.

Dette er kuvettreglane

  1. Hald avstand til dyra og gå utanom flokken.
  2. Ikkje gå mellom dyra. Kyr kan bli pågåande og skapa uønska situasjonar.
  3. Ikkje gå bort til kalven. Kua kan gå til angrep for å beskytta den.
  4. Hundar bør ikkje takast med til beitande dyr. Hugs bandtvang 1. april til 20. august.
  5. Kyr er nysgjerrige. Blir kuflokken pågåande, legg ned det du har i hendene og trekk deg unna. Du kan henta igjen utstyret etter at kyrne har gått.
  6. Om du opnar ei grind, lukk den igjen også! Opne grinder gjer at dyra kjem inn på område dei ikkje skal vera. Det kan vera farleg for både dei og andre.

Kuvettreglane er utarbeidd av Bondelaget, TYR, Tine, Norges Bonde- og Småbrukarlag, Geno og Norsk Friluftsliv.

PS: I Sveio er det utvida bandtvang til 15. oktober. Ein del andre kommunar har også utvida bandtvang, så det er lurt å sjekka kva reglar det er i kommunen du går tur i.