DETTE TRENG DU: Ein bolle til å blande i, Maisenna-mjøl eller potetmjøl og kaldt vatn.
DETTE TRENG DU: Ein bolle til å blande i, Maisenna-mjøl eller potetmjøl og kaldt vatn. FOTO: Heidi Molstad Andresen / NPKBilde 1 av 6
PRØV DEG FRAM: Når du har hatt mjøl og vatn i bollen, blandar du sakte og godt med hendene. Væska skal sjå flytande ut når du ikkje rører i ho, og vera hard når du arbeider med ho. Her må du rett og slett prøvde deg litt fram.
PRØV DEG FRAM: Når du har hatt mjøl og vatn i bollen, blandar du sakte og godt med hendene. Væska skal sjå flytande ut når du ikkje rører i ho, og vera hard når du arbeider med ho. Her må du rett og slett prøvde deg litt fram. FOTO: Heidi Molstad Andresen / NPKBilde 2 av 6
FLYTANDE FORM: I ikkje-newtonske væsker glir dei lange molekyla lett forbi kvarandre dersom du rører forsiktig i væska eller lèt ho renne gjennom fingrane slik som Sandra Dybos gjer her.
FLYTANDE FORM: I ikkje-newtonske væsker glir dei lange molekyla lett forbi kvarandre dersom du rører forsiktig i væska eller lèt ho renne gjennom fingrane slik som Sandra Dybos gjer her. FOTO: Heidi Molstad Andresen / NPKBilde 3 av 6
FLYTANDE FORM: I ikkje-newtonske væsker glir dei lange molekyla lett forbi kvarandre dersom du rører forsiktig i væska eller lèt ho renne gjennom fingrane slik som Sandra Dybos gjer her.
FLYTANDE FORM: I ikkje-newtonske væsker glir dei lange molekyla lett forbi kvarandre dersom du rører forsiktig i væska eller lèt ho renne gjennom fingrane slik som Sandra Dybos gjer her. FOTO: Heidi Molstad Andresen / NPKBilde 4 av 6
FAST FORM: Når du rører raskt, knar eller slår på ikkje-newtonsk-væske, flettar molekyla seg inn i kvarandre og gjer væska hard. Om du lagar skikkeleg mykje væske, kan du faktisk gå på ho!
FAST FORM: Når du rører raskt, knar eller slår på ikkje-newtonsk-væske, flettar molekyla seg inn i kvarandre og gjer væska hard. Om du lagar skikkeleg mykje væske, kan du faktisk gå på ho! FOTO: Heidi Molstad Andresen / NPKBilde 5 av 6
EKSPERTEN: Sandra Dybos er formidlar på Vite Meir-senteret i Kaupanger. Ho er utdanna bioingeniør, har ein master i cellebiologi og likar godt å spreie realfagsglede blant born og unge.
EKSPERTEN: Sandra Dybos er formidlar på Vite Meir-senteret i Kaupanger. Ho er utdanna bioingeniør, har ein master i cellebiologi og likar godt å spreie realfagsglede blant born og unge. FOTO: Heidi Molstad Andresen / NPKBilde 6 av 6

Slik kan du (nesten) gå på vatnet

Ikkje-newtonsk væske er rennande når ho får vera i fred, men blir hard om du rører raskt, knar eller slår på ho. Lagar du skikkeleg mykje, kan du faktisk gå på ho!

Utstyr

  • Ein bolle til å blande i
  • Rundt 2 dl Maisenna-mjøl eller potetmjøl
  • Rundt 2 dl kaldt vatn

Framgangsmåte

Ha maisenna/potetmjøl og vatn i bollen.

Bland sakte og godt med hendene. Væska skal sjå flytande ut når du ikkje rører i ho, og vera hard når du arbeider med ho.

Det kan vera litt vanskeleg å lage blandinga perfekt med ei gong. Om blandinga er for tjukk, kan du tilsetje meir vatn. Er ho for flytande, har du i meir mjøl. Her må du rett og slett prøve deg litt fram.

Dette må du prøve

  • Stikk fingrane ned i væska.
  • Prøv å slå i væska med fingertuppane.
  • Stikk handa raskt ned i bollen og løft ut ein bit på storleik med ein sprettball. Kna han som ein snøball heile tida.
  • Hald handa med ballen i ro over bollen. Kva skjer no?

Kva er det som skjer?

Ei væske kan vere tjukk og flyte treigt som honning, eller vera tyntflytande som vatn.  Temperaturen i rommet kan også påverke væska til å bli meir eller mindre tjuktflytande, tenk berre på varmt og kaldt smør. Nokre væsker blir faktisk faste om me rører på dei. Slike væsker kallar me ikkje-newtonsk væske.

I ikkje-newtonske væsker glir dei lange molekyla lett forbi kvarandre dersom du rører forsiktig i væska. Men når du rører raskt, knar, slår eller går på ho, flettar molekyla seg inn i kvarandre og gjer væska hard.

Tips!

Om du vil oppleve skikkeleg magi, kan du gonge opp oppskrifta mange gonger, og fylle eit stort kar med ikkje-newtonsk-væske. Då kan du faktisk gå på væska – nesten som å gå på vatnet – om du går absolutt heile tida. For om du stoppar å gå, søkk du rett ned!

Kjelde: Sandra Dybos/ViteMeir

Dette er det andre av fire eksperiment du kan prøva heime. Søk på leik og lær så får du opp dei andre.

Sommar for dei minste: Leik og lær!