nyhende
Bustadbygging i sentrum -Hansabakken:
Første familie har flytta inn
I veka som gjekk kunne dei første huskjøparane flytta inn i sin nye bustad på Bømlo-Hus sitt felt Hansabakken i Sveio sentrum. Den neste bustaden vil vera klar til overlevering i slutten av august.
Dette fortel Steffen Fylkesnes, som er seljar i byggefirmaet. Huset som alt er overlevert, er ein større einebustad på to plan. Også huset som skal overleverast i slutten av august er ein einebustad, denne på eitt plan. I tillegg til desse er to tomannsbustader under bygging og vil vera klar til overlevering i september-oktober, opplyser Fylkesnes.
– Rett over ferien skal me dessutan starta bygginga av endå ein einebustad på to plan, fortel Fylkesnes vidare.
Ei tomt igjen
Dermed har Bømlo-Hus berre ei ledig tomt igjen på feltet i Sveio sentrum. Her blir det plass til ein einebustad på eitt plan.
– Fleire har vist interessse, men dette huset er enno ikkje seld, seier Fylkesnes.
Arbeidet på feltet starta med støyping av ringmurar i slutten av februar.
Private oppdrag
Når feltet på Hansabakken er ferdig utbygd, har ikkje Bømlo-Hus nye felt å tilby i Sveio sentrum i nær framtid.
– Men me har fleire private byggeoppdrag i kommunen. Mellom anna skal me straks ta til på ein ny bustad ved golfbanen, opplyser Fylkesnes.