nyhende

Bekymra for aukande nivå av tungmetall i krabbe frå Ålfjorden:

Leiar i Naturvernforbundet Hordaland, Tom Roger Skauge, er uroa for kabben i Ålfjorden og meiner styresmaktene ikkje tar problemet på alvor.
Leiar i Naturvernforbundet Hordaland, Tom Roger Skauge, er uroa for kabben i Ålfjorden og meiner styresmaktene ikkje tar problemet på alvor.

– Styresmaktene bagatelliserer

– Norske styresmakter har så langt bagatellisert gjentatte mediaoppslag dei siste ti-femten åra om auka nivå av miljøgift i norske fjordar og norsk sjømat. Med støtte frå Mattilsynet blir folk roa ned med forsikringar om at det ikkje er farleg å eta korkje fisk eller krabbe.

Publisert Sist oppdatert

Dette seier Tom Roger Skauge, som er styreleiar i Naturvernet Hordaland. Han åtvarar mot å eta krabbe som er fiska nær oppdrettsanlegg. Mellom anna i Ålfjorden, der det er fem oppdrettsanlegg og eitt smoltanlegg.

– Naturvernforbundet er bekymra for at naturen og folk si helse blir ofra av omsyn til industrien sine interesser, seier Skauge vidare.

– Ikkje til å stola på?

Han stiller dermed eit stort spørsmål om norske styresmakter er til å stola på når det gjeld miljøgifter i norsk sjømat. Skauge nemner fleire nyare studier som viser at gjennomsnittsnivået av kadmium i både brunmat og kvitt klokjøt i krabbe er meir enn tre gonger høgare enn dei tala Mattilsynet baserer sine tilrådingar på.

– Når Mattilsynet hevdar at ein vaksen person på 70 kilo kan eta 12-13 krabbar i året, baserer dei seg på tal som viser kadmiumnivået i 2012. Det dei ikkje seier, er at ein ungdom berre kan eta 3,6 krabbar i året og at barn under ti år ikkje bør eta krabbe i det heile, seier Skauge.

For å visa at Mattilsynet sine tal er utdaterte, peikar han til undersøkingar frå Mausundvær, som er eitt av landets viktigaste område for lakseoppdrett. Desse undersøkingane viser at kadmiumnivået i brunmaten i krabbe steig med 137 prosent berre i toårsperioden frå 2016 til 2018.

Bekymringsmelding

Bakgrunnen for kraftsalva frå Skauge, er mellom anna undersøkingane Naturvernforbundet sjølv har fått gjennomført av krabbe som er fiska hundre meter frå eit oppdrettsanlegg i Ålfjorden. Desse undersøkingane var grunnlag for ei bekymringsmelding som forbundet sende både til Statsforvaltaren i Vestland og til Mattilsynet avdeling Sunnhordland og Haugalandet 15. april. Denne saka blei først omtalt i Haugesunds Avis og nyleg også i Bergens Tidende.

Naturvernforbundet meiner auken i miljøgifter som arsen, kadmium, bly og kvikksølv er fiskefôr og ekskrement frå oppdrettsnæringa. Fiskefôret skal dessutan innehalda både dioksiner, PCB og DDT som også hamnar på botnen under merdane.

Åtvarar mot utviding

Krabben frå Ålfjorden som Naturvernforbundet fekk undersøkt, blei fiska i 2021 nær eit oppdrettsanlegg ved Stualand som då hadde vore i drift i ti år. Undresøkingane viste eit gjennomsnittleg kadmiuminnhald på 6,6 milligram per kilo (mg/kg) våtvekt av krabbane sin brunmat. Høgaste verdi blei målt til 18,1 mg/kg. Den fastsette grenseverdien for kadmiuminnhald i kvitt krabbekjøt er 0,5 mg/kg.

– Ut frå eit folkehelseperspektiv er det difor svært bekymringsfullt om biomassen for oppdrett i Ålfjorden blir auka slik det har vore snakk om i samband med rullering av kommuneplanen sin arealplan, skriv Naturvernforbundet mellom anna i bekymringsmeldinga si.

– Unngå brunmaten

Vestavind har lagt kritikken frå Skauge fram for Mattilsynet. Fungerande avdelingssjef for avdeling akvakutlur i region sør og vest, Kristin Lervåg, svarar skriftleg at Statsforvaltaren i Vestland har sett i gang undersøking av botnforhold som påverkar livsvilkåra for krabbe. Denne undersøkinga skal gå over fleire år.

Lervåg har elles dette rådet frå Mattilsynet si side:

– Om ein er bekymra for innhald av tungmetall i krabbe, er rådet å berre eta det kvite kjøtet. Tungmetall og organiske miljøgifter blir i hovudak samla i krabben sin brunmat. Born, gravide og mødre som ammar bør ikkje eta krabben sin brunmat, er rådet hennar.

Lervåg viser også til ei oversikt over dei områda kor Mattilsynet frårår folk å eta fisk og krabbe frå.  Oversikta omfattar forureina hamner, fjordar og innsjøar. Ålfjorden er ikkje med på denne lista, men derimot Karmsundet, delar av Saudafjorden og delar av Hardangerfjorden. Eit raskt søk viser at råda frå Mattilsynet i mange tilfelle byggjer på undersøkingar som er utførte for  ei god stund sidan. Lenke til oversikta på mattilsynet.no er:

www.mattilsynet.no/mat-og-drikke/forbrukere/unnga-fisk-og-skalldyr-fra-forurensede-havner-fjorder-og-innsjøer

Lervåg skriv vidare at Mattilsynet tek overvakingsprøvar som blir analyserte for mellom anna tungmetall og organiske miljøgifter. I 2022 blei det ikkje funne ulovlege stoff eller verdia over grenserverdiar for dei stoffa som blei undersøkte.

Powered by Labrador CMS