nyhende
Overgrepssak til retten i oktober
Den tidlegare Ap-politikaren i Sveio som er tiltalt for seksuelle overgrep, må møta i Haugaland og Sunnhordland tingrett onsdag 30. oktober.
Mannen er tiltalt etter paragraf 302 i straffelova for minst fem tilfelle av seksuell omgang med barn mellom 14 og 16 år. Fornærma er ein ung gut som var 14 år då overgrepa skal ha funne stad over ein periode på fire-fem månader i 2022. Tiltalte har lagt alle kort på bordet og erkjent straffeskuld. Då saka blei kjent i fjor sommar trekte han seg frå alle politiske verv og verv i partiet.
Fleire mistenkte
Det har lenge vore kjent at fleire menn er under etterforsking for overgrep mot den same guten. Haugesunds Avis skreiv før helga at ti menn i ulik alder er mistenkte eller sikta, alle med lokal tilknyting. Politiadvokat Else Saltveit Lokna sa til avisa at det enno ikkje er tatt ut tiltale mot nokon av desse, men at det kan koma i løpet av seinsommaren eller hausten. Uansett er det berre den tiltalte sveibuen som blir finna på tiltalebenken 30. oktober.
Har venta lenge
Dermed får tiltalte sin forsvarar, Odd Arild Helland i advokatfirmaet Lea, Haavik, Helland & Aarvik oppfylt eit ønske. I mars sa Helland til Vestavind at han hadde bede om enkeltvis pådømming på vegne av sin klient. Allereie den gongen var Helland utålmodig etter å få saka unnagjort, ettersom klienten hans hadde tilstått.
– Me er litt utålmodige no og ser fram til å koma vidare. Ettersom min klient har erkjent straffeskult og lagt korta på bordet, meiner me den vidare behandlinga bør gå relativt kjapt, sa Helland den gongen.
Siren Elise Finnvik i advokatfirmaet Elden er bistandsadvokat for fornærma.