Å syta for fri sikt er så viktig at ansvarstilhøva er nedfelt i veglova. Det er du som bur ved vegen som er ansvarleg for å klippa hekk og buskar på eigedomen din.
Å syta for fri sikt er så viktig at ansvarstilhøva er nedfelt i veglova. Det er du som bur ved vegen som er ansvarleg for å klippa hekk og buskar på eigedomen din. FOTO: ColorboxBilde 1 av 3
Om avkøyrslen din kryssar gang- og sykkelveg, må høgda på hekk og gjerde ikkje overstiga 0,5 meter over gateplan i frisiktsona. Her er to alternativ til korleis det kan gjerast.
Om avkøyrslen din kryssar gang- og sykkelveg, må høgda på hekk og gjerde ikkje overstiga 0,5 meter over gateplan i frisiktsona. Her er to alternativ til korleis det kan gjerast. FOTO: Statens vegvesenBilde 2 av 3
– No må me saman ta eit tak for å sikra best mogleg sikt og trafikktryggleik før skulestart, seier Knut Olav Røssland Nestås, regionleiar i Trygg Trafikk Vestland.
– No må me saman ta eit tak for å sikra best mogleg sikt og trafikktryggleik før skulestart, seier Knut Olav Røssland Nestås, regionleiar i Trygg Trafikk Vestland. FOTO: Trygg TrafikkBilde 3 av 3

Tenk tryggleik og klipp hekken før skulestart

Små barn på skulevegen blir lett usynlege bak store hekkar og buskar. Dette kan føra til farlege situasjonar i trafikken. Trygg Trafikk oppmodar no folk om å klippa hekkane i samband med skulestart.

Høge buskar ved avkøyrslar eller store greiner som heng ut i vegkryss kan gjera det svært uoversiktleg for bilistar, syklistar og gåande. Dette er eit aukande problem i sommarmånadane.

Trafikantane mister ikkje berre sikt, men kan også gå glipp av viktig informasjon når skilt langs vegane vert skjulte av grøne buskvekstar.

Ein lovpålagt klipp

Folk som bur langs trafikkerte vegar må klippa hekkar og buskar på eigedomane sine, av omsyn til eigen og andre sin tryggleik.

– I desse dagar startar barna på skulen igjen, og me ønsker at flest mogleg skal gå og sykla der det høver seg. Då må det leggast til rette for at det kan skje på ein sikker måte. Barna må vera synlege langs vegane, seier Knut Olav Røssland Nestås, regionleiar i Trygg Trafikk Vestland, i ei pressemelding.

Å syta for fri sikt er så viktig at ansvarstilhøva er nedfelt i veglova. Det er du som bur ved vegen som er ansvarleg for å klippa hekk og buskar på eigedomen din. Det skal vera god sikt ved vegkryss og ved avkøyrselen. Mange bilistar må også kryssa gang- og sykkelvegar for å køyra ut på vegen. Då må dei lett kunna sjå både små og store trafikantar.

Berre ein halv meter

Når du står tre meter inn i avkøyrselen din skal du ha minst 30 meter fri sikt i kvar retning langs gang- og sykkelvegen, ifølge lova. Hekk og gjerde skal heller ikkje vera høgare enn 50 centimeter ved avkøyrselen.

Om avkøyrselen munnar ut i ein veg med fartsgrense 50 km/t, må det vera fire meter fri sikt inn og 45 meter til kvar side når du står inne i avkøyrslen din.

– Det her gjeld mange stadar i distriktet vårt. Mange er nok ikkje klar over dette, og no må me saman ta eit tak for å sikra best mogleg sikt og trafikktryggleik før skulestart, avsluttar Nestås.

Statens vegvesen si temaside om vegetasjonsrydding og i ein brosjyre om temaet finn du mykje nyttig informasjon og gode illustrasjonar.