Saman med mange organisasjonar, opna Liv Marit og Einar Økland tunet sitt for solidaritetsdag. Det resulterte i over 80.000 kroner til Norsk Folkehjelp sitt arbeid i Palestina og Ukraina. Og det er framleis mogleg å støtta solidaritetsaksjonen.
– Dette blei ein veldig fin dag, og det viser kva me får til gjennom gode samarbeid og solidaritet i praksis, Susan Abdallah i Norsk Folkehjelp Sunnhordland.
Variert kulturprogram
Det mangfaldige programmet inkluderte både appellar og opptredenar frå mange kjente kunstnarar. Blant dei som deltok var mellom anna utflytta valestrending og gitarist Egil Haugland og songar Kjersti Berge. Berge hadde i tillegg tatt med seg resten av toradarkvartetten Frynsegodene, som skapte god stemning i tunet.
Teatergruppa TeArtig engasjerte publikum med humoristisk improvisasjonsteater, og forfattarnaboane Einar Økland og Agnes Ravatn las opp frå nyare tekstar.
Med den sjarmerande, kvite løa og den vakre hagen som ramme, var det fullt av gjester frå heile regionen. Det var aktivitetar for både barn og vaksne, og matservering med rettar frå både Ukraina og Palestina. Til og med vêret spelte på lag med arrangørane.
Krigens realitet er nær
– Me vakna til forferdelege nyheiter frå Gaza laurdag morgon. Mange sivile er ramma etter bombeangrep mot skule. For oss her i Noreg er det lett å føla på avmakt. Då kan i det minste kjennast godt å gjera det me gjer saman her i dag, sa Håvard Tvedte då han opna programmet i tunet.
Alle inntekter frå arrangementet går til Norsk folkehjelp sitt arbeid i Ukraina og Gaza. Og om ein ønsker å støtta aksjonen kan ein gjera det via Vipps til Norsk Folkehjelp Sunnhordland.
– Me er så takknemlege for at Liv Marit og Einar Økland opnar heimen sin for solidaritet på denne måten. Dette gir viktig hjelp til både Ukraina og Gaza, seier Susan Abdallah i Norsk Folkehjelp Sunnhordland.
Arrangementskomiteen