nyhende
– Eg har gledd meg kjempelenge
For Sonja Dagny Olavsdatter Fludal (6) kan ikkje dagane fram til 15. august gå fort nok. Ho har vore klar for å bli skulejente lenge.
– Eg har gledd meg kjempelenge. I alle fall eit år. Eg begynte å gleda meg då eg var 5 år, fortel ho.
Året med venting har ho brukt til å læra seg å lesa og skriva. Og ho har ei heil samling liggande med korte «noveller» skrive på A4-ark. Alle sirleg merka med sidetal slik at ein får rette samanhengen når ein til dømes les om møtet mellom kantarellen og skjelet.
Eit lite skår i gleda
Fram til skulestart går ho i Ekrene natur- og gårdsbarnehage. Der har ho hatt det veldig kjekt. Det er berre eitt skår i gleda over å begynna på Vikse skule:
– Bestevenninna mi Sigrid skal begynna på Sveio skule. Men me kan treffast utanom skulen, og så har me vennskapskjede, fortel Sonja Dagny, som kjenner mange av dei ho skal gå i klasse med frå barnehagen.
Ho fortel at ho har vore på skulen før.
– Då traff me rektor. Han sang Kaptein Sabeltann og fortalde at det hadde han hadde gjort til mange 1. klassingar. Men han var ikkje så skummel som Kaptein Sabeltann, og så fekk me litt lekser.
– Kva gler du deg mest til?
– Å få nye venner og bli kjent med dei store trea på Vikse. Der kan me få ekstra stor fart på føysa når blada fell.
S for Sonja
– Kva gler du deg mest til å læra?
– Alt som det går an å læra på skulen, trur eg, svarar ho og inviterer Vestavind opp på rommet. Der er skulesekken ferdig pakka med penal, matboks, bokbind og leksebok, og me får sjå kva klede ho skal på på seg første skuledag.
Ein ting er ho ekstra stolt av:
– Eg har fått skulesmykke av farmor. Sjå her!
S for Sonja. Og for skule.