Opning av padelbanen var ei stor hending, der to ordførarar stod for snorklipping, sveioordførar André Mundal Haukås og ordføraren i Haugesund, Nils Konrad Bua. Saksa greidde begge å handtera godt.
Opning av padelbanen var ei stor hending, der to ordførarar stod for snorklipping, sveioordførar André Mundal Haukås og ordføraren i Haugesund, Nils Konrad Bua. Saksa greidde begge å handtera godt. Bilde 1 av 2
Då den lokale trubadurtrioen «The Husband» entra scenen, og fylte lokalet med heile tre sett låtar, blei ble det fart på både sangstemme og dansefoten.
Då den lokale trubadurtrioen «The Husband» entra scenen, og fylte lokalet med heile tre sett låtar, blei ble det fart på både sangstemme og dansefoten. FOTO: PrivatBilde 2 av 2

Sommarfest, padelduell og tennisturnering

I Buavåg var det mykje som skjedde i helga.

Sommarfesten starta på Gullsjøhuset i Buavåg fredag kveld med velkommen av Aud M. Strømmen, styreleiar i Sveio Gullforening.

Pub-kvelden på Gullsjøhuset blei ein suksess! Sjølv om regnet piska ute, låg alt til rette for ein koseleg kveld i dei maritime omgjevnadane på Gulllsjøhuset.

Over 100 gjester

Gjestene blei møtt med deilige smaksprøvar av både matjessild og spekemat, og baren baud på eit godt utval forfriskningar som passe til. Då den lokale trubadurtrioen «The Husband» entra scenen, og fylte lokalet med heile tre sett låtar, blei ble det fart på både sangstemme og dansefoten. Folk storkoste seg, og den komplette pubstemninga var til å ta og føla på.

Med over 100 gjester innom, er Sveio Gullforening svært nøgde med kvelden, og ser ikkje vekk i frå at det vil gjenta seg.

Tredje banen i Buavåg

Laurdag morgon starta Racketsportfestivalen, og klokka13.00 starta sommarfesten, som gruppa SosialeMøteplasser i LivOGLystBua2030 stod for. Det var godt oppmøte, der folk fekk moglegheit til å kjøpa forfriskningar og vaflar. Ein var heldig med vêret, at regnbygene letta under arrangementet.

Laurdagen var den store dagen for opning av den nye padlbanen. Denne banen føyer seg inn som den tredje banen på kaien i Buavåg. Frå før sandvollybane og tennisbane. Bua Ungdomslag har bidrege med mykje dugnad for å få realisert denne nye banen.

Opning av banen var ei stor hending, der to ordførarar stod for snorklipping. Ikkje daglegdags. Dette var sjølvsagt våre aktive og inkluderande ordførar, Andre Mundal Haukås og ordføraren i Haugesund, Nils Konrad Bua. Saksa greidde begge å handtera godt.

Mykje sto på spel

Sjølve opninga av spel på banen stod også desse to for. I viktige kampar, der mykje står på spel, kven blir vinnaren? Ville det bli ein «fair» kamp, for her stod mykje på spel. Kven ville bli beste ordførar? Begge gjekk tilsynelatande roleg ut på banen, og kampen kom i gong. Spelet bølga att og fram, slik det skal vera. Ordføraren i Haugesund tok leiinga, men ordførar i Sveio svara tilbake.

Etter tre rundar var kampen slutt, etter poengteljing vann Nils Konrad med knappast margin. Stolt var han, nok forsterka av at han er fødd og vakse opp i Bua. André tok det med fatning. Fekk trøysta han, at han vart den beste ordførar i Vestland. Flotte trofé fekk begge to.

Det var også tennisturnering. Konfransieren sydde arrangementet godt i saman.

Godt å bu

Det er alltid kjekt når noko hender i bygdene våre, og ei av desse bygdane er Bua. Her er det fleire drivkrefter som er så viktige for å få til aktivitetar. Dette skal me vere glade for, det viser at det er godt å bu i bygdene våre.

Det som også er så flott med denne banen, er at folk frå heile kommunen kan nytta den. Det å koma ned til Buavåg, er ein fin tur for alle. Berre eit steinkast frå ligg også Gullsjøhuset, og det er ei flott merka Gullstiløype som ligg i eit fint kulturlandskap. Det er såleis verdt for gamal som ung å ta turen til Bua.

Birgitte og Dagfinn