Har du kjøpt nokre av desse produkta med utløpsdato 12.-19. august – kast dei.
Har du kjøpt nokre av desse produkta med utløpsdato 12.-19. august – kast dei. FOTO: Bama

Tilbakekallar ei rekke produkt på grunn av listeria

Fredag sist veke kalla Bama tilbake pastasalat med kylling. No er det ei hel rekke produkt seld i daglegvarebutikkar som bli tilbakekalla.

Som førre gong er det funn av listeria som er årsaka. Produkta er laga ved Nordic Lunch sitt anlegg på Rommen i Oslo. Kjedene er varsla, og butikkane er i prosess med å få fjerna produkta, skriv Bama i ei pressemelding.

Verd å vita om listeria

Dette er produkta

  • KFS Pastasalat Ost og Skinke, Klar, ferdig, spis!, Coop
  • KFS Pastasalat Kylling, Klar, ferdig, spis!, Coop
  • Pastasalat Skinke & Ost SMAK, Norgesgruppen
  • Pastasalat Kylling & Ost SMAK, Norgesgruppen
  • Salat Kylling & Nudel SMAK, Norgesgruppen
  • Salat Cæsar SMAK, Norgesgruppen
  • Nudelsalat Kylling 265g BaRe, Ferdig preppa, Rema 1000
  • Pastasalat Ost/Skinke 350g BaRe, Ferdig preppa, Rema 1000
  • Pastasalat Kylling 350g BaRe, Ferdig preppa, Rema 1000
  • Cæsar Bowl 235g REMA, CityBites, Rema 1000
  • Taco Bowl 325g REMA, CityBites, Rema 1000
  • Scampi Bowl 275g REMA, CityBites, Rema 1000
  • Let’s Go! Pasta Ost & Skinke, Bama Storkjøkken/BSH
  • Let’s Go! Pasta Ost & Kylling, Bama Storkjøkken/BSH
  • Pastasalat Skinke & Ost SMAK, Bunnpris
  • Pastasalat Kylling & Ost SMAK, Bunnpris
  • Salat Kylling & Nudel SMAK, Bunnpris
  • Salat Cæsar SMAK, Bunnpris

Dei berørte produktene har siste forbruksdag i tidsrommet 12.-19. august. Bama ber kundar som har kjøpt eitt eller fleire av desse produkta om å kasta dei.

Produkta er selde til

  • Coop: Butikkar over heile landet.
  • NorgesGruppen: KIWI, MENY, SPAR og Joker sine butikkar over heile landet.
  • REMA 1000: Butikker i alle regionar, utanom utsalsplassa i Stor-Bergen.
  •   Bunnpris: Butikkar på Vestlandet, Møre, i Nord-Norge og i Oslo-regionen.
  • BAMA Storkjøkken: Ulike produkt i horeca-segmentet.