nyhende

Bading og hundepass før skulestart

Øvst på lista over det Mari (6) gler seg mest til, er å klatra. Storesøster Ida (9) har allereie tre år bak seg på Auklandshamn skule, og gler seg mest til matte.

Publisert Sist oppdatert

– Det er veldig kjekt å gå på Auklandshamn. Det er ikkje så store klassar, og alle kjenner alle der, seier Ida når me møter dei heime i Fabrikkvegen saman med mormor Audhild Lien.

Mari gler seg, og det er trygt og godt at storesøster går på same skule. Begge har sekkane ferdig pakka og ser fram til å begynna på skulen.

Klatring og matte

– Kva gler de dykk mest til?

– Klatring, seier Mari.

– Ikkje lesa og skriva?

– Eg kan lesa og skriva litt.

– Matte, seier Ida med utropsteikning etter. Ingen tvil om kva som er favorittfaget.

Og når me spør kva dei ser minst fram til, er norsk svaret frå Ida. Ein ting er imidlertid søstrene samde om:

– Det blir ikkje gøy å stå opp tidleg igjen. Kanskje me må stå opp klokka halv sju!

Har lyst på hund

Ida hentar Santos, onkel sin 14 år gamle toy terrier, og søstrene blir opptatt med den. Han fylte 70 hundeår i fjor, kan dei fortelja. Så no har han blitt veldig gammal.

– Me skal passa han i 2,5 veke. Me har ikkje hund sjølv, men alle i familien har lyst på hund. Det er berre mamma som treng litt tid, seier Ida snusfornuftig.

Praten går over til at det snart er slutt på sommarferien. Den har vore innhaldsrik med mellom anna camping i Mandal. Også var dei i Toscana i Italia rett før sommarferien, fortel dei.

Steikt egg og bønner

Men no blir det slutt på å sova lenge, heilt til ni. Og steikt egg til frukost anna enn i helgene.

– Eg likar best bønner til steikt egg, seier Mari.

Jentene er veldig klare for å nyta siste rest av sommarferien. Saman med kusine Sarah og mormor/farmor er det tid for å dra til sjøen og bada. Sjølv om dei har basseng heime. Det er meir å finna på når ein er på stranda.

Powered by Labrador CMS