frå papirarkivet

Mellom to permar

Ein liten skatt etter eit lag som er i ferd med å gå i gløymeboka,hadde avdøydde Theodor Fagerland tatt vare på.Saka var på trykk i Haustvind 2015.

Publisert Sist oppdatert

FAKTA

Signe Ørevik Lier, Marta Vihovde og Helene
Vihovde framføre Plassastova påsken 1947.

  • Losje Husafjell var ei avdeling under IOGT, som i moderne tid jobbar for edruskap, solidaritet og fred.
  • IOGT står for International Organisation of Good Templars, og kjent som Godtemplarordenen
  • Aktiviteten i Losje Husafjell vart avvikla på slutten av 1950-talet eller starten på 1960-talet, men vart ikkje offisielt lagt ned før 22. mars 2011. Losjen hadde då ikkje levert årsmelding eller rapportar dei siste 30 åra, og det var ikkje registrert aktivitet sidan 1960-talet.

Kjelde: iogt.no, wikipedia.no

Protokollen, eller lagsavisa heitte God Von – det same som barnelosjen. Ingvar Fagerland fann ein av desse protokollane etter far sin. Av innhald er det tettskrivne og dels dekorerte sider tekstar og dikt til ettertanke, som ein kunne ha nytte for i kvardagen. Ofte er det referert til kjende, norske forfattarar.

Truleg vart dette lese opp i møtene. Av anna innhald står vitsar, bokmeldingar. Spalter med nytt frå bygda og radioprogram for Ørevik lokal viser seg å vera reint oppspinn – til underhaldning på festane. Helene Eikeland ler godt når ho får høyra kva som blei fortalt om ho i 1952 i spalta Bygdenytt.

«Etter jule og nyårshelga skal Helene Vihovde reisa frå bygda. Ho skal, etter det ein har høyrt frå pålitande hold, reisa til vestkysten av Amerika, til ein stor astronomisk stasjon og studera nokre stjerner, som har vore av interesse i den siste tida. Heimevernet kostar tur og opphald heiter det

Her er ungdomane på søndagstur. Syklane er med, for frå Moster sykla dei vidare til Håvik, der dei tok beina fatt, opp på Siggjo. F.v. Sivert Ørevik, Nils Nordheim (i styrehuset), Marta Vihovde, Signe Brun (fremst) og Tomas Lier.

Helene, som då var 21 år, har rett nok reist over heile verda sidan, men ikkje i 1952.

– Eg flytta eigentleg til Fitjar og gjekk på husmorskulen der, skrattler 84-åringen. Mange gode minner strøymer på.

– Eg mistenkjer Bernt Nordheim for å stå bak, han kunne dikta, smiler Helene.

Helene (Vihovde) Eikeland er vaksen opp med losjen. Ho har mange gode minner frå den tida.

Protokollen går frå 2. november 1952 til 2. oktober 1955. Det er ikkje visst kor hyppige møta var då losjen var nystarta, men protokollen er nok ein av dei siste. I 1953 var det sju møter – inkludert konfirmantfest og juletrefest. Om sommaren var det ikkje mykje aktivitet, i følgje protokollen. Av avisa går det og fram at det blei halde fellesmøte med D.N.T.-laget frå Einstadbøvoll. Avisa har forskjellege bladstyrarar, mellom anna Signe Ørevik, Klara Eriksen, Marta Vihovde, Johs. Krunenes og Sivert Ørevik.

I 1952 skal rundt 30 prosent av dei som gjekk ut av Ørevik skule blitt medlemer i losjen. Ikkje så sprekt, og truleg ikkje nok til å halda vidare liv i losjen stort lengre.

To sider frå protokollen til Losje Husafjell.

Utdrag frå protokollen

Ein ting er sikkert – folk i Valestrand har humor! Mykje seriøst og litt skjemt er å lesa i lagsbladet. Under er det nokre utdrag – litt sant og mykje fantasi.

Bygdenytt!

Bygda vår er lita, men det hender då ein del nytt her og. Som det før er nemndt i mange blad og dagsaviser, er Valestrands store son, Fartein Valen død og gravlagd imillom fedrane på Valen kyrkjegard.

Etter jule og nyårshelga skal Helene Vihovde reisa frå bygda. Ho skal, etter det ein har høyrt frå pålitande hold, reisa til vestkysten av Amerika, til ein stor astronomisk stasjon og studera nokre stjerner, som har vore av interesse i den siste tida. Heimevernet kostar tur og opphald heiter det.

På butikken på Liereid er nå ansett ny butikkgjenta, Sina skal nå få meir tid til å ofra seg for kattane vert det meldt.

Av dei som gjekk ut av Ørevik skule våren 1952 har nå 4 vorte medlemer i Losje Husafjell det skal vera pålag 30% vert det sagt.

Dette var bygdenytt og så har vi eit par meldingar:

Først ei minemelding frå S.K.V. Til mulige Øklandsbuar som kjem innom etter gamal vane. Ei sure mina er meldt drivande rundt Asaleholmen, Knut Lindås kan påvisa mina.

Og så ei melding til alle som lyttar på Valestrand lokal i Radio. Søndag 28.-12 kl 25 presis held Anna Kjerpeset Vihovde eit lererikt foredrag om lagsarbeid.

Lagsblad for Losje Husafjell, jula 1952

Tippeselskap

Gunnar Trå og Nils Nordheim skal no setja i gong eit tippe selskap der det vert råd å tippa på dei ein trur først gifter seg. Dei vil og setja opp eit fond som skal gå til dei som først vert spleisa saman. Ein trur at dette vil skunda på – dei tilkomand ektefolk

Handelsskulekandidat Brita Ørevik skal etter endt eksamen setja opp for retning i «Brattalio» ho skal vera eineforhandlar i ferdig sydde knapphol og ho har god tru på at det skal gå knirkefritt.

God Von, Juletrefesten 1954

Radionytt

Klara Brokenes og Gerd Oline Lier har etter som det vert meldt kosta seg eit nokså verdfult radio annlegg, som dei har montert på Midtvik. Dei har teke dette store økonomiske løftet, for om mogeleg å høyra kjære og kjende snakka på «fiskeribølge». Det livar så opp å høyra desse røystene, som dei i «sitt ansikts ved» leitar og lyttar etter. Seier dei til vår utsende, forvitne medarbeidar.

God Von, 31. januar 1954

Fisket

Silda er komen her inn og skal gyte,
veldige stim, som ei kokande gryte.
Set i gang motor'n, gjer klar og kast loss!
Snart i skuta mot havet med oss

God Von, 31. januar 1954

Powered by Labrador CMS